Lokal | 21. juli 2011

Svak på omsorg?

Os kommune får terningkast 6 på avgifter og 5 på næringsliv, men berre 1 på helse og omsorg. Kvifor?

Svak på omsorg?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. juli 2011 11:13

Dagbladet kjører i sommar ein serie saker, basert på KOSTRA-tal, om korleis det står til i norske kommunar.

På «Kommunebørsen» blir kommunane rangert, og får terningkast, innan områda skule, arbeid, avgifter, helsetilbod og kvar det er best å bli gamal.

Os kommune er på 8. plass i Noreg og får terningkast 6 når det gjeld å halda avgiftene nede, truleg grunna låge prisar på vatn, avlaup og renovasjon, og det at vi ikkje har eigedomsskatt.

Også når det gjeld arbeid og næringsliv skårar Os kommune bra og får terningkast 5.

Terningkast 1 på helse og eldre

Men når det kjem til helse og kva kommunar det er bra å bli gamal i hamnar Os på 370. og 381. plass og får terningkast 1. Kvifor?

– Å lesa KOSTRA-tal er ikkje alltid rettvist, det er denne børsen eit godt eksempel på, seier ordførar Terje Søviknes, og forklarer;

– I KOSTRA-rapporten er det berre plassane i Os sjukeheim som tel, ikkje dei på Luranetunet. Plassane på Luranetunet blir definert som omsorgsbustadar, ikkje sjukeheimsplassar.

Os sjukeheim har 55 plassar, Luranetunet har 80. Plassane er like i helsetilbod, og dei på Luranetunet i snitt betre i kvalitet på bustandard.

– Eg ser at vi berre står oppført med 20 prosent av plassane med eige toalett per rom, men tar vi med Luranetunet er 90 av 130 plassar, rundt 70 prosent, med slike fasilitetar, legg Søviknes til.

Sjå Os på Kommunebørsen

– Driv effektivt

Også på skule får Os svak score, berre terningkast 2.

– Os er ein låginntektskommune, og må derfor kjempa for å driva effektivt.

– At Os er effektive på drift, både når det kjem til eldre og skule, gjer at KOSTRA-rapporten viser at vi bruker lite pengar på desse områda, noko som gjev utslag på børsen til Dagbladet, utan at det nødvendigvis fortel noko om kvaliteten vi leverer.

Os har tidlegare i år vist at dei gjer det ganske godt på nasjonale prøvar.

Austevoll best på jobb

Partikollegaen hans i Austevoll, ordførar Helge André Njåstad, kan smykka seg med det å vera leiar for landets beste kommune når det kjem til arbeid.

Men også han tar kommunebørsen til Dagbladet med ei klype salt, og skriv på eigen Facebook-side at han er audmjuk ovanfor resultatet testen viser.

Samstundes er han nøgd og stolt over fiskerikommunen sin, som har mange arbeidsplassar og mange gründarar som gjer det godt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.