Lokal | 04. feb. 2021

Svane henta på Osbrua

Fekk hjelp til å koma seg på sjøen igjen.

Svane henta på Osbrua
Svana blei frakta trygt vekk frå biltrafikken. (Lesarbilde, foto: Vidar Langeland)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 04. feb. 2021 14:21

Torsdag i 14-tida fekk politiet melding om hissig svane på Osbrua.

– Den kveste til fotgjengarar som gjekk forbi, og var til fare for seg sjølv der den sto, tett på biltrafikken, seier politiet på staden.

Dei fekk plukka den med seg og sett den i fjøra ved Oselvarverkstaden.

Svanene som hekkar i Oselvo har vore nær biltrafikken før, men då helst i Landboden.

Politiet - svana 1-1, men svana tolka det tydelegvis som siger. (Foto: Ørjan Håland)
Politiet - svana 1-1, men svana tolka det tydelegvis som siger. (Foto: Ørjan Håland)

I dette terrenget er svanene i Oselvo godt kjent.

Tidlegare kull har ofte lagt utanfor Vinmonopolet og hatt stupekurs (sjå video) for dei yngste frå bryggekanten.

Hardu godt nok rykte så tar politiet med seg skjold når du skal hentast. (Foto: ØH)
Hardu godt nok rykte så tar politiet med seg skjold når du skal hentast. (Foto: ØH)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.