Lokal | 02. aug. 2020

Svaneunge med gøtt i halsen - måse med mutter (!) rundt nebbet

Den eine blei fanga og tatt med på røntgen, den andre blei avliva.

Svaneunge med gøtt i halsen - måse med mutter (!) rundt nebbet
Varabrannsjef Erik Walden saman med svanefar etter at ungen blei levert tilbake til flokken. (Foto: Bjørnafjorden brann og redning.)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 02. aug. 2020 07:38

Observante bubilturistar på Steinneset meldte fredag ettermiddag frå om svaneunge med fiskesnøre i nebbet.

Bjørnafjorden brann og redning rykte ut for å prøva å hjelpa svaneungen.

– Det har vore både skade og sjukdom på svaner i Os hamn før, så vi har håven klar, seier fungerande brannsjef Erik Walden.

Å lokka til seg flokken, og å fanga den aktuelle svana, var enkelt.

Brannvesenet har håven klar og fekk ein enkel jobb med å fanga svaneungen.
Brannvesenet har håven klar og fekk ein enkel jobb med å fanga svaneungen.

– Er det ein fiskekrok i enden?

– Vi ville vera varsame, sidan vi ikkje visste om det var krok i enden av snøret. Gøttet sat fast, så vi tok svaneungen med til Os Dyreklinikk.

Det blei svaneungen undersøkt. Det blei tatt røntgen, som viste at det ikkje var krok på snøret, men gøttet var truleg kome gjennom mage og ned i tarm, og var vanskeleg å få opp.

– I staden blei det kutta så langt nede i halsen som mogleg, med håp om at resten kjem ut den andre vegen, og at fiskesnøret ikkje blir til bry for svaneungen.

Røntgen viste ingen krok, men snøret sat likevel fast.
Røntgen viste ingen krok, men snøret sat likevel fast.

Svaneungen blei levert tilbake til familien ved Oselvarnaustet.

Mens den fekk hjelp nytta kollega Aleksandra Kamieniecka sjansen til ein forebyggande prat med bubilgjestane, som blant anna fekk røykvarslarar tildelt, i tråd med «sikker ferie i Bjørnafjorden»-kampanjen.

Mens svaneungen var hos dyrlege delte Aleksandra ut røykvarslarar til bubilgjestane. Så fekk ho vera med på å gi ungen tilbake til familien.
Mens svaneungen var hos dyrlege delte Aleksandra ut røykvarslarar til bubilgjestane. Så fekk ho vera med på å gi ungen tilbake til familien.

Bevisst dyrplageri?

Tidlegare denne veka blei ein utmagra måse funnen i live av ein privatperson.

Han såg at måsen hadde ein mutter rundt nebbet, og fekk avliva fuglen.

Denne måsen har ikkje fått i seg mat på lenge.
Denne måsen har ikkje fått i seg mat på lenge.

– Det var berre bein og fjør igjen på den. Fuglen hadde ikkje sjanse å opna nebbet, og har nok hatt det vondt i fleire dagar.

Meldar lurer på om mutteren rundt nebbet er bevisst dyrplageri.

– For det første er det vanskeleg å sjå for seg korleis måsen skulle fått denne på, for det andre viser det tydelege spor etter gjengene i nebbet, som at den var skrudd på.

Det er spor etter gjengene i nebbet.
Det er spor etter gjengene i nebbet.

– Men det er samtidig vanskeleg å sjå for seg at nokon kan vera så sadist at dei fangar ein måse og skrur ein mutter rundt nebbet hans.

Små gjenstandar kan vera alvor for andre

Erik Walden seier begge episodane er ein påminnar om at vi menneske bør bli flinkare å rydda etter oss, og meir klar over kva konsekvensar bosset vårt kan få for dyreliv og natur.

– No har knopsvanene i årevis klart å oppdra nye kull i Os hamn, i år er det heile seks ungar foreldreparet har klart å fostra opp. Då er det synd om slurv av folk skal vera eit hinder for desse og andre artar, seier Walden.

Tak for hjelpa: Ein hissig high five frå svanefar.
Tak for hjelpa: Ein hissig high five frå svanefar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.