Sport | 07. juli 2009

Svart belte etter 26 år

I februar 1983 stilte Vidar Mjånes på Os Karateklubb sitt første nybyrjarkurs. Torsdag fekk han endeleg sitt svarte belte.

Svart belte etter 26 år
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 07. juli 2009 10:06

Bildeserie:

1 av 1

Karate var noko nytt og spennande då sensei Mihajlo Misic (som døydde i 2003) starta Os Karateklubb tidleg på 80-talet. Vidar var ein av 75 osingar som stilte på det første kurset ein februarkveld i 1983.

- Det blei mange gode år i Os Karateklubb før eg reiste i militæret på slutten av 80-talet. Seinare blei det litt på og av, og aldri nok tid til å bli god nok for fleire graderingar, seier Mjånes.

Vanlegvis treng ein god utøvar rundt seks år på å bli klar for gradering til svart belte (1. dan). Men jobb i Stavanger, Nordsjøen og Oslo gjorde at det ikkje blei mykje kontinuitet i treninga.

- No har eg trent i 2,5 år samanhengande i Os Karateklubb. Mange treningskameratar frå 80-talet har gjeve meg inspirasjon til å gå for gradering, ikkje minst sensei Cato Bruarøy, og Trond Blomberg, som steppa inn som partnaren min på dei øvingane på graderinga som krev to.

Fekk belte av japansk meister
To månadar etter at Vidar, som då var 14 år, starta med karate, fekk han vera med på sin første treningsleir med dr. Tatsou Suzuki 8. dan Hanshi. Den japanske hovudinstruktøren for organisasjonen er no 81 år. Torsdag gav han Mjånes 1. dan.

- Vi var fem utøvarar som gjekk opp til dan-gradering. Eg var omtrent dobbelt så gamal som snittalderen på dei fire andre.

- Var du spent?

- Eg fekk ikkje den nervøse kjensla som eg hadde under graderingar og gamledagar, men eg fekk ein liten skade i foten tidleg i programmet, så eg var spent på om foten skulle halda. Samstundes så brydde eg meg lite om korleis formen skulle vera etter at det var over, det var berre til å gje alt.

- Og no kan du legga deg nedpå?

- He, he, nei no skal eg pusha dei i klubben som har første- og andre- svarte belte til å trena knallhardt mot ny gradering. 2. dan blir neste mål for meg, seier Vidar, som gjekk 23 år med brunt belte før han for siste gong kunne byta farge.

- La lista høgt
Ifølgje hovudtrenar for den norske organisasjonen, sensei Cato Bruarøy, sto Vidar for ei dan-gradering av dei sjeldne.

- Vidar var høgaste graderte i klubben dei første åra eg trente, og han har alltid vore ein unik og komplett utøvar. Medan andre hadde sine ting dei først blei gode i, var Vidar god i alt; eit stort talent i kamp, ekstremt god teknisk og 100 prosent innsats i kvar einaste øving.

Han takkar Vidar for at han som første medlem i klubben har lagt lista så høgt for alle som kom etter.

- Vidar har vore med på å gjera oss andre betre. I dag er han saman med fleire av dei andre eldre medlemmane også viktig for talentuvikling og for teknisk engasjement i organisasjonen, seier Bruarøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.