Lokal | 10. mai 2012

– Svarten òg!

Ein båt kjørte seg fast på Svartaskjeret i ettermiddag.

– Svarten òg!
Båten, ein eldre Askeladden på rundt 17 fot, blei tatt av skjeret rundt ein time etter ulykka. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 10. mai 2012 19:10

Ein båt på rundt 17 fot kjørte på skjeret mellom Bruarøy og Brimsholmen, Svartaskjeret, torsdag ettermiddag.

Ingen skal ha blitt skadd ulykka.

– Vi har ikkje snakka med båtføraren, men ifølgje sentralen kom førar og passasjer uskadd frå det, stadfestar politibetjent Kenneth Rastad frå Os lensmannskontor.

Ulykka skjedde i 16-tida. Cirka ein time seinare var båten tatt av skjeret.

– Det skal ha vore ein vaksen mann som kjørte båten. Han har fortalt at han har hatt problem med båten og at teknisk svikt var årsaka til ulykka, seier Rastad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.