Etter tre år som vekependlar til e-helse i Oslo byrjar Sveinung Gangstø i ny jobb som medisinsk leiar hos Huslegene i Fana. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sveinung Gangstø tilbake til Vestlandet

Han selte fastlegepraksisen sin for å jobba med e-helse i Oslo. No blir det slutt på pendlinga for den tidlegare legevaktsjefen i Os.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Sveinung Gangstø frå Os tok utdanninga si i Tyskland og jobba, etter sjukehusturnus i Drammen og distriktsturnus på Sunnmøre, som kommunelege i Valle i Setesdal. Så følgde fire år i Bergen før han i 1993 flytta han heim til Os, først med kontor på Telthusplassen, og frå 2001 i kontorfellesskap i Os Næringspark.

– Det blei vanleg med samlokalisering då fastlegeordninga starta. Med fleire legar i same kontorfellesskap blei det meir praktisk, det blei enklare å erstatta kvarandre i tråd med kravet i ordninga om å vera tilgjengeleg.

Gangstø er ein tilhengar av fastlegeordninga.

– Som lege har eg alltid vore opptatt av å sjå heile mennesket, som fastlege, når du kjenner pasientane dine og historikken deira, er det lettare å hjelpa. Det er mange land som misunner oss denne ordninga.

E-stoff eller etterretning?

Eit anna tema som Gangstø har vore opptatt av er bruk av data i helsevesenet. Han var tidleg fast pilot for journalsystemet Infodoc og var for åtte år sidan blant dei første som brukte e-resept.

Då han fekk tilbod om jobb hos Direktoratet for e-helse takka han ja.

– Folk har spurd meg om helsevesenet har eige etterretningsorgan, eller om eg jobbar med E-stoff. Det har nok vore å spøk, men det er altså IKT i helsevesenet det har handla om.

Mantraet har vore «éin pasient - éin journal», tittelen på Stortingsmelding 9 2012-2013.

– Manglande koordinering av informasjon om pasientar mellom ulike aktørar i helsevesenet er ei stor utfordring, noko som i enkelte tilfelle kan vera kritisk og avgjerande.

Saknar familien, heimbygda og pasientkontakt

Gangstø var medisinsk leiar for Os og Samnanger legevakt då han fekk jobbtilbodet i Oslo. Samtidig hadde han full liste som fastlege.

– I starten hadde eg vikar, men eg såg etter ei stund at det var mest rett, både for pasientane og for legane og medarbeidarane på legesenteret, at det blei ei meir permanent løysing.

Han selte fastlegepraksisen sin i Os Allmennpraksis, ny heimelshavar blei Lars Haugom.

– Etter tre år med vekependling til Oslo er det framleis interessant å jobba med e-helse, men eg synest eg er for mykje vekke frå familien. I tillegg ønskjer eg å vera meir i heimbygda mi, og eg saknar det å ha direkte kontakt med pasientar.

Når han no kjem heim er det for å jobba for ein annan osing ved ein privatklinikk i Fana.

Blir leiar for Huslegene

I mai i fjor fortalte vi om gründer Rune Walle frå Os som fekk med seg lege Arne Instebø og starta den private klinikken Huslegene ved Skjoldskiftet i Fana.

Ideen fekk han som rastlaus pasient; «når eg vil ha time til meg eller ungane, så vil eg ha time med éin gong. Då ungane var små, og når eg blir gamal, så vil eg helst ha lege heim til meg» sa Walle.

Han ønskjer at Huslegene skal fungera som «ein privat fastlege», og han føler at han har gjort eit scoop når han no har fått Gangstø inn som medisinsk leiar.

– Instebø er opptatt frå før, med Idrettsmedisinsk Avdeling AS. Ikkje minst krev SK Brann mykje tid. Han blir med vidare som eigar og lege, men vi såg etter ein
som kunne passa til å leia Huslegene vidare.

Så møtte han sin tidlegare lege på kunstutstilling i Vognhallen i Os.

– Då eg høyrde at han jobba i Oslo så inviterte eg han til å slutta å pendla. Det blei starten på gode samtalar som leia til at han no byrjar hos oss.

– For det første er han ein fin person og ein lege som var veldig godt likt då han var fastlege i Os, for det andre har han ein kompetanse og eit nettverk vi allereie har fått glede og nytte av. Han har gjort at Arve Bang, assisterande kommuneoverlege i Bergen kommune, også startar hos oss.

Gangstø har sin første dag hos Huslegene på fredag, og skal innom nokre dagar i april, men er først på plass i full drift frå mai.

– Sjølv om det blir nokre administrative oppgåver ved det å vera medisinsk leiar, skal eg òg få tid til å ta imot pasientar. Det gler eg meg til, seier Sveinung Gangstø.