Lokal | 30. juli 2012

Sveriges finaste òg

Noregs finaste Opel knuste svenskane og vann i Sverige òg. - Det var kjempeskøy, seier Helga Kobbeltvedt.

Sveriges finaste òg
Kjell Lyngbø med sin Opel Rekord D 1,9 E 1974 modell vann det svenske opeltreffet si kåring (privat foto)
Andris Hamremåndag 30. juli 2012 11:13

I månadsskiftet juni/juli hadde Opelregisteret sitt årlege treff på Elgå kor dei finaste bilane skulle kårast. For andre året på rad tok Kjell Lyngbø og Helga Kobbeltvedt heim sigeren med sin Opel Rekord D 1,9 1974.

Denne helga hadde paret frå Os teke turen til Baldersnäs Herrgård, omlag midt mellom Halden og Väneren i Sverige til den svenske opelklubben sitt årlege treff.

- Vi var litt spente då vi kom bort på kva vi ville møte, fortel Helga Kobbeltvedt i bilen på veg heim frå det vellukka treffet.

Tre av tre

Den strøkne Opelen frå Os feide all konkurranse av banen og tok prisen som beste bil i klassa for Rekord D og Comodore.

- Totalt var det omlag 100 bilar på treffet. I klassa vår var det ti som deltok.

- Det er berre tredje gong vi er på utstilling. Difor er det litt uverkeleg å henta heim bestemannsprisen også denne gong.

Om det blir nye utstillingar har ikkje dei to bestemt seg for enno.

- Vi har ingen umiddelbare planar, men vi må vel nesten sjå om det finnst utstillingar i Danmark og Finland så vi får tatt dei landa òg, ler Helga på telefon.

Tidsriktig med lillebror

I tillegg til konkurransa i modell var det ei overall-konkurranse om å ha den mest tidsriktige ekvipasjen. Paret frå Os var ikkje snauare enn at dei plukka med seg andre plassen i den konkurransa òg.

- Vi har gamaldagse stolar og bord med oss som vi satte bak bilen.

- I tillegg hadde vi med bileter av vogna vi har kjøpt til bilen. Det er ei Lillebror-vogn laga av flyfabrikken Widerøe frå sluten av 50-talet og fram til byrjinga på 70-talet.

- Den har treveggar og telt-tak i akkurat same farge som bilen, forklarar Kobbeltvedt.

Billegbil til kvardagsbruk

Rekorden kjøpte dei to for snart fire år sidan for å ha ein billeg bil til kvardagsbruk.

- Den var veldig strøken då vi kjøpte den. Litt har vi gjort med den, men ikkje allverda. Den er vel 99% perfekt no.

- Å bruke den som kvardagsbil har i allefall blitt heilt uaktuelt, ler Helga som no er på jakt etter blomsterglass med sugekopp og ein nikkande hund til å ha i bakvindauge for å få bilen enno meir tidsriktig.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.