Sport | 03. juni 2018

Sverre er kongen av Skjervet

Sverre Lunde Pedersen med solid treningsøkt laurdag. Tok tredjeplass i sykkelrittet Bergen-Voss og var raskast opp Skjervet.

Sverre er kongen av Skjervet
Skøytegutta Sverre Lunde Pedersen og Sindre Henriksen hadde sykkelen med seg då dei var i OL (privat foto)
Andris Hamresøndag 03. juni 2018 08:23

Sykkelen er ein kjærkomen treningspartner for skøyteløpar Sverre Lunde Pedersen om sommaren. Laurdag stilte han til start i det 162 kilometer lange sykkelrittet mellom Bergen og Voss. Skøyteløparen viste at han har kapasitet også på sykkelen og var med den 17 mann store leiargruppa heilt inn.

Kongen av Skjervet

Innlagt i løpet er ein bakkesprint opp Skjervet.

– Alle er i mål og tidene er berekna. Årets konge og dronning av Skjervet blei: Sverre Lunde Pedersen og Beathe Tveita. Vi gratulerer, skriv arrangøren på heimesida si.

Sverre brukte 5.52 opp den harde motbakken.

I dag speler Sverre Lunde Pedersen på kjendislaget når dei møter gatelaget i Eat Move Sleep-cup på Kuventræ.

Resultater til lokale syklister

Vi har funne nokre lokale resultater. Er det nokon vi ikkje har funne, så gje oss ei melding på tips@midtsiden.no.

3. pl. Sverre Lunde Pedersen, 4.20.59 (1. plass i klassa si)
55. pl. Lars Erlend Brattabø, Bergen Cykleklubb, 4.30.41 (2. plass i klassa si)
727. pl. Sondre Versto, Team Sport Norge, 5.39.27

Syklistar frå CK Henie

55. pl. Samund Nordang, 4.30.41
72. pl. Rudi Kristoffer Heilund, 4.31.59
267. pl. Øystein Tveit, 4.56.32
309. pl. Vidar Tveit, 4.59.44
533. pl. Rafal Wilinski, 5.25.07
633. pl. Johannes Råen, 5.31.43
727. pl. Geir Mildestveit, 5.39.27
781. pl. Per Moss, 5.42.29
957. pl. Erik Magnussen, 5.59.25
1012. pl. Sigurd Risa Kalvenes, 6.05.34
1024. pl. Kjell Arne Vaka, 6.07.05
1033. pl. Helge Sandven, 6.08.11
1035. pl. Tom Ivan Kittelsen, 6.08.23
1089. pl. Morten Areklett, 6.15.37
1290. pl. Torgeir Lyssand, 6.29.07
1361. pl. Rune Søreide, 6.58.09
1381. pl. Sven-Olav Frimann Nilsen, 7.01.12
1839. pl. Jan Tore Frimann Nilsen, 7.12.59
.......
56. pl. Siri Bremnes, 6.03.13
105. pl. Tone Linn Knutsson, 6.42.35

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.