Sport | 26. feb. 2011

Sverre er verdsmeister!

Først vann han 3000- og 1500-meteren i Finland. I kveld var Sverre Lunde Pedersen også best på 5000 meter.

Sverre er verdsmeister!
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. feb. 2011 16:32

I fjor blei det sølv, i år gjer Sverre, som også er junior neste år, nærmast reint bord i junior-VM.

Sverre Lunde Pedersen vann først to av dei tre første enkeltdistansane i finske Seinäjoki, og leia samandraget før kveldens 5000 meter.

Fredag starta han med 12. plass (beste norske) på 500 meter med tida 37,66 (Sverre persa med tida 36,56 i senior-VM i Calgary tidlegare i februar).

Seinare same kveld vann han 3000-meteren med tida 3.55,85.

På dei to neste plassane kom Kristian Reistad Fredriksen med 3.56,80 og andre- og Simen Spieler Nilsen med 3.57,58 på tredjeplass.

I dag vann Sverre 1500-meteren med tida 1.54,72. (Pers på 1500-meter, som han sette i Calgary no i februar, er på 1.45,48).

Klubbkamerat Håvard Lorentzen tok bronse.

I kveld slo osingen og Fana-løparen til med siger på 5000 meter, med 6.51,09 blei det allround siger og individuell verdsmeistertittel på Sverre Lunde Pedersen.

Sundag ventar 1000-meter og lag.

Kjelde: Arrangøren si heimeside

Klikk her for å følgja meisterskapen på webstream.

Artikkelen blir oppdatert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.