Sport | 21. mai 2020

Sverre flyttar til Stavanger

Vil vera nær isen i sesongoppkøyringa.

Sverre flyttar til Stavanger
Sverre Lunde Pedersen, her i oppvarming i Staanger i 2016. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. mai 2020 09:01

Sverre Lunde Pedersen er både nybakt pappa og nyinnflytta i hus på Sandsli.

I august flyttar han og familien til Stavanger, ifølgje VG.

– Dette er noko vi har tenkt på i vinter. Då koronaen kom blei det endå meir aktuelt, seier Sverre til VG.

Normalt er det mange døgn i utlandet i oppkøyringa. No vil landslaget ha 55 dagar i Stavanger fram til verdscupopning i Polen 13. november og verdscup numer to, som går i Stavanger 20. november.

Ny heimebane: Frå Slåtthaug til Sørmarka, der isen opnar 1. september i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ny heimebane: Frå Slåtthaug til Sørmarka, der isen opnar 1. september i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Sverre er glad for at kona Ingunn Trædal-Lunde og sonen Svein blir med på flyttelasset. Familien lager seg no ein base i Stavanger.

Han seier han òg håper fleire frå landslaget blir verande i Stavanger i haust. Ved sidan av tid på isen, som opnar 1. september i Stavanger, er det mykje trening på sykkel.

Håvard Lorentzen seier til VG at han òg har plan om å flytta frå Bergen til Stavanger i haust.

I slutten av april kom landslagsuttaket:

Ane By Farstad, Spk Falken
Julie Nistad Samsonsen, Fana IL
Ragne Wiklund, Aktiv SK

Allan Dahl Johansson, Aktiv SK
Bjørn Magnussen, Spk Falken
Hallgeir Engebråten, Nord-Odal IL
Henrik Fagerli Rukke, Hol IL
Håvard H. Lortenzen, Fana IL
Kristian Ulekleiv, Gjøvik SK
Magnus Bakken Haugli, Jevnaker IF
Odin By Farstad, SpkFalken
Peder Kongshaug, Stav.Sandnes SK
Sindre Henriksen, Fana IL
Sverre Lunde Pedersen, Fana IL

Håvard Bøkko, Simen Spieler Nilsen og Hege Bøkko har lagt opp.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.