Sport | 10. mai 2020

Sverre Lunde Pedersen har blitt pappa

Sverre og kona Ingunn blei denne veka foreldre.

Sverre Lunde Pedersen har blitt pappa
Sverre, her då han tok gull i Inzell i 2019. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 10. mai 2020 17:59

Sverre Lunde Pedersen, som fyller 28 år i sommar, blei far tysdag. Han og kona Ingunn Trædal-Lunde har blitt foreldre til ein gut som skal heita Svein.

– Vi har spøkt med at eg risikerer å sitja på ein fire timers sykkeltur mens fødselen pågjekk, men det blei heldigvis ikkje sånn, seier Sverre til Midtsiden.

Ingunn var på kontroll måndag, og då blei det klart at ting var på gang.

– Eg fekk ein telefon etter trening, og då var det berre til å ta taxi, sidan Ingunn hadde bilen vår.

Guten blei fødd i 13.30-tida neste dag, altså 05.05.2020. Han blir oppkalla etter Ingunn sin far, som ho mista i ung alder.

– Det synest eg er ein fin ting, og eg synest Svein er eit fint namn. Han får same etternamn som Ingunn, ein kombinasjon av hennar og det eine av mine.

Svein har to fetrar og éi kusine i Os.

Haustar gratulasjonar på Instagram

– Vi er heilt forelska og alt står bra til med mor og sønn, skriv Sverre på Instagram.

Skøyteesset har allereie fått over 150 gratulasjonar og 1900 hjarte på bilde av seg sjølv og sonen.

- View this post on Instagram         

Nybakt far til denne lille sjarmøren ? Vi er helt forelsket og alt står bra til med mor og sønn ❤️ Godt jobbet @ingunntr ??? #daddycool #happyfamily #newborn #champ

A post shared by Sverre Lunde Pedersen (@sverrelpedersen) on May 10, 2020 at 6:37am PDT

Sverre runda av sesongen med sølv i VM allround første helga i mars. Våren har blitt brukt til oppussing og flytting frå Apeltun til Sandsli.

Onsdag er første samling før komande sesong. Den går i Bergen.

– Det er eg glad for! Eg har no trent etter program frå Bjarne (Rykkje) i fire veker, og har hatt fleire av landslaget her i Bergen så vi kan trena saman.

– Men vi har vore varsame, og det kjem vi til å halda fram med, med tanke på korona og smittevern.

Kva som skjer med reiser i sommar er foreløpig uvisst. Sverre er uansett glad for at han får mykje tid heime med familien no i starten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.