Skøyaren Otto Hægland (t.v.) kan koma til i gi Tore Kleppe (t.h.) kamp om supportersjef-tittelen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Sverre sin heiagjeng på veg til Inzell

I dag reiste 18 supporterar i nesten samla flokk til VM i skøyter. Sånn blir dei neste dagane.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I november sette Os Travel, i samarbeid med Midtsiden, opp tur til Inzell for å sjå dei norske utøvarane, med osingen Sverre Lunde Pedersen i spissen, kjempa om medaljar i VM enkeltdistansar.

– Sjølv om fleire frå Os hadde bestilt tur før vi sette saman vår reisepakke, fekk vi 18 deltakarar. Éin av oss måtte via København grunna jobbrelatert møte, alle vi andre 17 er på plass på Flesland, seier Hans Parnefält frå Os Travel før avreise klokka 10.10 i dag.

Frå Midtsiden stiller Kjetil Osablod Grønvigh. Supportersjef er Tore Kleppe. Det kan tenkast at han i periodar blir assistert av den lokale revystjerna Otto Hægland.

Sverre i toppform

Parnefält har arrangert idrettsturar før, frå fleire år med treningsleir og cuparrangør på Kypros, for dei øvste nivåa i Noreg, til tur frå Os til Wembley i fjor.

– Dette er min første skøytetur, og eg gler meg veldig! Turen blir nok fin uansett, men det er ekstra stas at Sverre ser ut til å vera i toppform.

• Les òg: Gjekk som ei maskin - vann verdscup på heimebane

– Han har vore god med timininga og det å finna toppformen inn til meisterskap før, og då vi førre helg såg at han knuste russerane og gjekk inn til verdscupsiger på heimebane, gav det ekstra håp for VM-turen vår. Og så håper vi at Håvard Lorentzen òg treff med formen, sjølv om han ikkje har vore så heldig med resultata i vinter.

Til no denne sesongen har Sverre både EM-bronse og 1. plass og 2. plass i verdscupen, som han leiar samanlagt (5000 meter).

I fjor var det ikkje VM enkeltdistansar, grunna OL. I 2016 tok Sverre bronse på 5000 meter.

Historisk sus

Reisefølgjet bur i Austerrike, i gamlebyen i Salzburg, og skal kvar dag ta buss ein time tur-retur til den tyske småbyen Inzell.

Der låg tidlegare verdas nest raskaste utandørsbane, ein bane både Sten Stensen (1974), Rune Stordal og Even Wetten (2005) har blitt verdsmeister på. Fred Anton Maier (3000 m, 5000 m og 10.000 m), Per Willy Guttormsen (10.000 m), Ivar Eriksen (1000 m) og Geir Karlstad (10.000 m) har sett verdsrekord på Inzell-isen.

Ludwig-Schwabl-Stadion skifta namn til Eisstadion. Så blei Max Aicher Arena bygd. Arenaen har ligg 400 meter over havskorpa, har plass til 10.000/6000 personar og sto ferdig i 2011. Håvard Bøkko blei verdsmeister på 1500 meter på den nye isen i opningsåret.

5000 meter torsdag

Er du ikkje i Inzell kan du følgja VM direkte på NRK.

Sverre sin beste sjanse til individuell medalje er truleg på 5000-meteren, som går allereie i morgon.

Her er nokre tidspunkt å merka seg:
Torsdag: 5.000 meter kl 17.30
Fredag: Lagtempo kl 17.50
Søndag 1.500 meter kl 15.25

Turen til Os Travel og Midtsiden varer frå i dag til laurdag. Vi oppdaterer frå turen, stemninga på tribunen og med intervju med Sverre etter løpet i morgon.

Fleire saker