Sport | 16. mai 2016

Svidde gummi på Os-treffet

Os Amcar Club opplevde rekord på årets treff – og avslutta med minidragrace bak skulen.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 16. mai 2016 21:32

Bildeserie:

Rekordmange 94 bilar møtte til årets Os-treff. (Foto: Kjetil Bruarøy)
Silje Nymark og Rudi Monsen tok imot 94 bilar. (Foto: Kjetil Bruarøy)
Klassiske whitewall-dekk høyrer med. (Foto: Kjetil Bruarøy)
Jarl Henning Hetleflåt. (Foto: Kjetil Bruarøy)
Kjell A. Eide og Trond Hetleflåt. (Foto: Kjetil Bruarøy)
Trond har endeleg fått seg ein Thunderbird, slik Kjell hadde på 70-talet. (Foto: Kjetil Bruarøy)
Bilen, som er frå '64, er nyleg restaurert. (Foto: Kjetil Bruarøy)
Eide stilte med ein Corvette frå 1968. (Foto: Kjetil Bruarøy)
Denne lastebilen har lang fartstid i Os. (Foto: Kjetil Bruarøy)
Kjekt for små og store. (Foto: Kjetil Bruarøy)
Linda S. Håland slo dei fleste med sin jeep. (Foto: Kjetil Bruarøy)
Men Morten Folkmann (t.h.) vann finalen. (Foto: Kjetil Bruarøy)
Rekordmange 94 bilar møtte til årets Os-treff. (Foto: Kjetil Bruarøy)
Silje Nymark og Rudi Monsen tok imot 94 bilar. (Foto: Kjetil Bruarøy)
1 av 12

– Endeleg har vi fint vêr på treffet, seier Jarl Henning Hetleflåt frå Os Amcar Club.

I fjor, som fleire av åra før, var det regn. Likevel stilte det 76 i bilar. På årets treff, på Os vidaregåande skule 2. pinsedag, stilte det rekordmange 94 bilar på Os-treffet.

Sjå bildeserie og video frå 2015.

– Det er mange lokale bilar, men minst halvparten er tilreisande. Vi har gjestar frå både Odda og Haugesund i tillegg til bergensområdet, fortel Hetleflåt.

Då blårøyk gav heltestatus

To av bilane som sto nærmast kiosken til arrangørklubben var Jarl Henning sin bror, Trond, sin Thunderbird '64-modell.

– Vi var unge då Kjell Arne Eide på 70-talet kom på besøk i ein sånn. Sidan den gong har Trond hatt Thunderbird som sin favoritt, og no har han endeleg fått tak i, og restaurert draumebilen.

– Det var ikkje fotballspelarar som var dei store heltane den gong, då var det den som hadde den tøffaste bilen og som lagde mest blårøyk. Heile Hetleflåten blei frelst av blårøyk, seier Jarl Henning og ler.

Ved sidan av Thunderbirden sto Kjell Arne Eide sin Corvette 1968. Eide var med på å stifta Bergen Amcar Club i 1975.

– Vi stifta klubben i Os, i ungdomshuset Symra på Skeie, fortel Eide, som synest det er stas at Trond har fått seg Thunderbird.

Ny runde med mini-dragrace

I fjor var Os Amcar Club 20 år. På Os-treffet arrangerte dei mini-dragrace.

Eit vanleg dragrace går over 1/4 engelsk mil, altså 402,33 meter. På Ostreffet var det minidragrace, som gjekk over 402 tommar (10,51 meter).

Ni bilar var påmeldt. Linda Sivertsen Håland køyrde fletta av konkurrent etter konkurrent med sin oppgraderte Jeep Wrangler før ho til slutt måtte gje tapt for Morten Folkmann, som vann i sin Chevrolet.

Sjå video og bildeserie frå 4. julifeiringa med cruising frå og til Er-An Veikro i fjor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.