To svindelforsøk mot osingar

Ved å ta kontroll over epostkontoen deira sendte svindlarane ut melding og ba venar og familie om å få låna pengar.

På Kypros utan pengar? (Skjermskot av eposten/bilde frå Kypros foto KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 04. apr. 2014 09:17

To gongar dei siste vekene, seinast i går, har osingar blitt utsett for forsøk på svindel via epost.

I meldinga, som ser ut til å koma frå ein dei kjenner, står det at vedkomande er i utlandet og har fått fråstole ei veske med pengar, betalingskort, pass og andre viktige eigedelar, og ber om å få låna 1500 euro til dei kjem heim igjen.

– Dette er svindlarar som har klart å hacka seg inn på epostkontoen. I begge tilfella for osingane har det vore snakk om Gmail-kontoar, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Midtsiden var blant mottakarane av begge dei to svindelforsøka.

I det første tilfellet påsto svindlarane at avsendar var i Skottland, i det andre at han var på Kypros. Ingen av dei to osingane, som begge er menn, var i utlandet då svindel-eposten blei sendt.

Kva informasjon har du liggande på nett?

Når dei har kome seg inn på epostkontoen skiftar dei passord og tar over kontoen, sånn at dei då også har tilgang på mange kontaktpersonar, venar og familie av eigaren av epostadressa.

– Til no ser det ikkje ut til at nokon har overført pengar til svindlarane.

– Men tenk over kva informasjon du har liggande på Gmail og andre nettbaserte epostkontoar. Ver også varsam når du bruker trådlaus nett i utlandet, på kafear og liknande. Det skal vera fare for at det blir brukt program som kan henta ut sensitiv informasjon via same nettet.

Ver varsam om språket er dårleg

– Viss du mottar epost med litt merkeleg språk så bør du vera spesielt varsam, sjølv om meldinga ser ut til å koma frå ein du kjenner.

«Beklager for ulemper» og «å låne meg 1,500 euro å sortere meg ut av denne knipen» er eksempel på dårleg norsk.

– Sjansen er stor for at teksten er utforma av svindlarar og omsett til norsk i eige dataprogram, seier Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.