Lokal | 01. apr. 2016

Svindla for 280.000 kroner

Ei kvinne frå Os er dømt til fengsel for grovt bedrageri.

Svindla for 280.000 kroner
Bergen tinghus. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. apr. 2016 06:16

Ei kvinne i 30-åra klarte i løpet av 1,5 år, i 2012 og 2013, å få utbetalt 283.755 kroner meir enn ho hadde rett på frå NAV.

Kvinna møtte i retten i erkjente seg skyldig.

I løpet av den aktuelle perioden jobba ho over 3000 timar, men kryssa berre av for 735 timar. Dermed fekk ho urettmessig utbetalt for mykje.

Forholdet blei av retten sett på som grovt bedrageri. Strafferamma på grovt bedrageri er seks år.

Dømt til fengsel

Forsvaret ba om samfunnsstraff og argumenterte med at kvinna har fleire born.

Ved beløp som er høgare enn folketrygda sitt grunnbeløp, som i 2013 var på 85.000 kroner, skal det reagerast med fengsel utan vilkår.

Det blei i straffemålinga tatt omsyn til at kvinna tilsto, noko som gav prosessøkonomisk gevinst, og at det har tatt tid å få saka for retten.

Tilsvarandre bedrageri har i tidlegare dommar ført til fem månada fengsel, men tiltalte frå Os slapp unna med 60 dagar fengsel.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.