Lokal | 30. jan. 2016

Svindla med Jo Nesbø-bøker

«Byttemannen» tatt etter raid på Os. Har svindla butikkar over heile landet for fleire hundre tusen kroner, prøvde å stikka frå politiet via bybane og buss.

Svindla med Jo Nesbø-bøker
Mannen har svindla butikker over heile landet, mellomanna Kiwi Moberg som overvakningsbiletet er frå (foto: politiet)
Andris Hamrelørdag 30. jan. 2016 11:38

Politiet tok fredag ein mann (35) heimehøyrande på Austlandet, mistenkt for storstilt svindel over heile landet.

– Vi har registrerte saker frå Harstad i nord til Halden i sør. Moduset har alltid vore det same. Mannen kjem inn i butikken, går rett til kassen og ber om å få levera inn att to Jo Nesbø-bøker fordi han og «kona» har kjøpt dobbelt opp.

– I mange tilfelle lykkast han og får pengar tilbake for bøkene. Når butikkane i ettertid ser nærmare på bøkene viser det seg at desse ikkje er frå deira leverandør og at dei difor ikkje får levert dei vidare og med det går på tap, forklarer politiførstebetjent Kenneth Rastad ved Os lensmannskontor.

Tatt etter dramatisk jakt

Forholda politiet på Os etterforskar skriv seg frå hausten 2015, kor han var innom fleire butikkar i Os i løpet av få timer.

– Vi har hatt eit godt samarbeid med Skan-kontroll som først såg samanhengen i dei ulike sakane og satte dei saman ved hjelp av overvakingsbilde frå dei ulike butikkane.

– I går fekk vi melding om at han hadde blitt observert i Sogn dagen før og at han kunne vera på veg til vårt distrikt. Det blei difor sendt ut melding til butikkane i Hordaland, mellom anna her på Os, kor han blei observert.

– Vakne butikkmedarbeidarar som såg han meldte frå til oss. På Rema i Fanavegen reagerte dei òg. Mannen forsto nok at han var avslørt og stakk frå staden til fots. Først hoppa han på Bybanen. Etter eitt stopp hoppa han av igjen og praia ein buss. Ein tilsett i butikken følgde etter han og varsla politiet, som kom til, stoppa bussen og tok mannen med seg.

– Han sit no i arresten i Bergen til i morgon ettermiddag. Vi håper å koma så langt i etterforskinga at vi har eit grunnlag for å fengsla han vidare, seier Rastad.

Truleg over 1000 forhold

Kor mannen får tak i bøkene er førebels uvisst for politiet, men han har tydelegvis tilgang på store mengder av dei.

– Då han blei gripen i går forklarte han at han har kjøpt dei på sal og sel dei vidare med forteneste.

– Per no har vi registrert 20 saker i Hordaland aleine, men vi har mistanke om det reelle talet er mykje høgare. Kvar for seg er det ikkje snakk om dei store summane. I kvart tilfelle dreiar det seg om rundt 800 kroner. Difor trur vi at eindel butikkar ikkje har meldt det til politiet.

– På landsbasis er eg ikkje i tvil om at vi nok snakkar om over 1000 forhold om alle tilfella blir anmeldt, seier Rastad.

Tidlegare domfelt for bedrageri

Mannen går konsekvent på matbutikkar og styrer unna bokhandlarar.

– Truleg har det med at rutinene i bokhandlarane er annerleis og at det er vanskelegare å gjennomføre svindelen der.

– Han er dømt tidlegare for bedrageri, men ikkje for svindel av denne typen. Truleg skuldast det at sakane kvar for seg er små og at dei difor gjerne har blitt henlagt.

– Skan-Kontroll har gjort ein kjempejobb over fleire år med å kartlegga samanhengane og mannen sine bevegelsar. Dei har avdekka at han reiser rundt med bil i heile landet for å utføra svindlane.

– Sjølv om han ikkje har lukkast i alle butikkane har har vitja, er forsøk på svindel like straffbart, seier Rastad som håpar butikker som tidlegare ikkje har anmeldt saker no gjer det, slik at dei får eit betre bilete av det reelle omfanget.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.