Lokal | 04. aug. 2009

Svineinfluensa i Os

Svineinfluensaen ser ut til å ha kome til Os. - I tillegg til å ta hand om sjuke konsentrerer vi oss om å bremsa smitta best mogleg, seier smittevernlege Jan Rune Stangeland.

Svineinfluensa i Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 04. aug. 2009 23:15

Førebels er det ikkje påvist influensa A(H1N1), svineinfluensa, i Os. Likevel ser det ut som om osingar er smitta.

- Vi har testa fleire tidlegare i sommar, utan å få smitte påvist, men i nyare tid har vi hatt nokre tilfelle av osingar som har kome heim frå ferie i område med risiko for smitte, med tydelege symptom på denne type influensa, seier smittevernlege i Os, Jan Rune Stangeland til midtsiden.no.

Mindre testing
Kva type influensa desse har kjem vi heller ikkje til å få sikkert svar på. I nye retningslinjer frå sentralt helsestyre skal det nemleg ikkje brukast ressursar på å testa pasientar som ikkje er i ei av risikogruppene.

- Media har mykje fokus på dette no, så det er ikkje lenger same behov for å overvåka kvar smitten spreier seg.

- Dokumentasjon av type influensa hos pasientar utanfor risikogruppene har heller ikkje praktisk betydning, for dei fleste som blir smitta vil svineinfluensaen opplevast som ganske harmlaus, seier Stangeland.

Risiko og vaksine
Men sjukdomen kan for enkelte vera farleg.

- Risikogruppene er langt på veg dei same som vi elles anbefalar å ta influensavaksine, som personar med hjarte- og karsjukdomar, sjukdom i lungene, diabetes, personar over 65 år og dei som er gravide.

Vaksine mot svineinfluensa er ifølgje Stangeland venta å vera ferdig produsert i september. Men så kjem ei tid med testing og andre prosedyrer, så vaksina kjem truleg ikkje til å vera klar til bruk før i november eller desember.

- Er ikkje dette litt seint, viss smitta spreier seg i Os allereie no?

- Kor lenge denne influensaen kjem til å vara er vanskeleg å seia, men om den er i starten no så kan den bli verande i bygda i tre-fire månadar til før den når toppen. Det er heller ikkje uvanleg at smitte kjem i bølgjer, så det kan nok bli bruk for vaksina når den kjem, trur smittevernlegen.

Tamiflu til alle?
Behandling med tamiflu gjev effekt, men Stangeland meiner ikkje at alle med smitte treng denne reseptbelagte medisinen.

- Tamiflu gjer at du kan få ein eller to dagar kortare periode med symptom, men du er sjuk likevel, og skal uansett halda deg heime i ei veke om du er smitta.

Behandling med tamiflu bør starta ein av dei to første dagane for å ha effekt.

- Er det mogleg å få tamiflu med seg på ferie, om du skal til område med høg risiko for smitte, og vil vera på sikker side?

- Nei, vi bør berre gje tamiflu der det er naudsynt. Enkelte stadar i landet har det blitt lang ventetid på medisinen, det er ikkje ein heldig situasjon å koma i.

- Men i enkelte tilfelle kan vi gje tamiflu som del av førebyggande arbeid, for eksempel hos personar i risikogrupper som bur saman med folk som er smitta, eller helsepersonell, som har mykje smitte rundt seg.

Klar for skulestart
Måndag 17. august er det skulestart i Os. Små og store ungar er tilbake frå ferie, og skal samlast i klasserom, garderobar og gymsalar.

- Kva bør foreldre, lærarar og elevar tenka på i denne influensatida?

- Skulande fekk skriv frå oss i sommar, om korleis tilsette kan vera med på å bremsa smitte. God handhygiene og det å hosta i armkroken er små, men viktige tiltak. At smitta personar held seg heime i minst ei veke er også viktig.

- Det går rykte om at apoteka er tomme for våtserviettar til å reinsa hendene med, har du høyrt noko om det?

- No har eg berre vore på jobb to dagar etter at eg kom frå ferie, så det er nytt for meg. Men når det gjeld det å halda hendene reine kjem du langt med såpe og vatn.

Smitta av svin?
Nokre lurer kanskje også på om det går an å bli smitta av dyr, eller av å eta grisekjøt, sidan sjukdomen har fått namnet svineinfluensa.

- Svin er mottakelege for smitte, og kan smitta menneske, men det er til no ikkje observert smitte hos svin i Noreg. Andre dyr enn svin skal ikkje kunna vera smittebærarar.

- Og du kan IKKJE bli smitta av å eta svinekjøt, stadfestar Stangeland.

- Laurdag 29. august er det Bondens Dag på Os, der små og store kan treffa dyr frå garden. Er det noko arrangørane og publikum bør tenkja på i høve smitte?

- Personar med svineinfluensa skal halda seg vekke frå grisar, så ikkje dyra blir smitta. Bøndene bør nok nøya seg med å ta med kyr, sauer og høns i år, seier Jan Rune Stangeland med eit smil.

Les meir om svineinfluensa på www.pandemi.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.