Lokal | 18. nov. 2018

Svingte unna hjort og rett i autovernet

Ingen blei skadd då to hjort hoppa ut i vegen på Søfteland.

Svingte unna hjort og rett i autovernet
Politiet på Byvegen for ti dagar sidan, då ein hjort sat fast under ein bil. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 18. nov. 2018 08:39

Det har vore mange hjortepåkøyrslar i Os dei siste vekene, og i natt var det nær på at minst éin hjort til rauk med i trafikken.

– Bilførar fekk to hjort framfor seg, men klarte å svinga unna, fortel operasjonsleiar Lars Gitle.

Bilen gjekk det ikkje like bra med, den hamna i autovernet og fekk ein del skadar.

Ulykka skjedde i 00.30-tida på E39 Byvegen på Søfteland.

– Det har vore ei roleg natt i Os. Vi rykte ut på melding om ein krangel på ein utestad, men det løyste seg på staden, så det blei ikkje behov for nokon reaksjon frå patruljen, fortel Gitle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.