Politi | 08. juni 2022

Svingte unna mc - hamna i grøfta

Bilen han køyrde var ilagt bruksforbod.

Svingte unna mc - hamna i grøfta
Utforkøyringa skjedde nær avkøyrsla til Fjellanger Hundesenter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. juni 2022 08:18

Tysdag klokka 17.05 blei politiet varsla om ei trafikkulykke på Lyseklostervegen, nær Fjellanger Hundesenter.

– Bilførar, ein gut under 20 år, forklarte at han møtte ein motorsykkel som var kome over på hans side av vegen, og at han køyrde utfor då han svingte unna for å unngå frontkollisjon, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Ingen personar var skadd. Det er ikkje mistanke om promillekøyring.

Politiet blei varsla om ulykka av brannvesenet, som var på staden for å rydda vekk oljesøl etter utforkøyringa.

Det er ikkje oppretta sak, men det viste seg å vera ilagt bruksforbod på bilen grunna manglande omregistrering. Bilen blei taua heim til eigar.

Fotgjengar fekk kjeft

I 16-tida tysdag fekk politiet melding frå ein dame.

– Ho hadde vore ute og lufta hunden, då ein mann hadde kome køyrande i noko ho opplevde som svært høg fart.

Bilførar, som er i 30-åra, skal ha stoppa og kjefta på fotgjengar.

– Kvinna følte episoden var veldig ubehageleg, fortel Lyssand.

Hærverk på Søfteland

Klokka 14.45 i går fekk politiet melding om skadeverk på leikeapparat i ein barnehage på Søfteland.

– Vi har fått leire klager frå dette området, og vil patruljera nabolaget oftare i tida som kjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.