Kultur | 06. nov. 2019

Swing it, baby!

Det swinga, det vart croona, og det var høg bling-faktor i Oseana på laurdag.

Swing it, baby!
Det vart ei humørfull musikalsk reise med Tilslørte Bondepiker, Old Timers Big Band og Veggpryd i Oseana på laurdag. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 06. nov. 2019 11:55

Bildeserie:

Klar for avreise til eit svingande New York. (Foto: KOG)
Klar for avreise til eit svingande New York. (Foto: KOG)
Swing it, baby!  (Foto: KOG)
Swing it, baby! (Foto: KOG)
Humørswing og heite taktar i Oseana.  (Foto: KOG)
Humørswing og heite taktar i Oseana. (Foto: KOG)
Humørswing og heite taktar i Oseana.  (Foto: KOG)
Humørswing og heite taktar i Oseana. (Foto: KOG)
Golden Circle - på scenen. (Foto: KOG)
Golden Circle - på scenen. (Foto: KOG)
Humørswing og heite taktar i Oseana.  (Foto: KOG)
Humørswing og heite taktar i Oseana. (Foto: KOG)
Jan Haaland - ein vassekte lokal crooner. (Foto: KOG)
Jan Haaland - ein vassekte lokal crooner. (Foto: KOG)
Her i duett med Kristine Bjånes.  (Foto: KOG)

Full kontroll - Nils Midtseter. (Foto: KOG)
Full kontroll - Nils Midtseter. (Foto: KOG)
1 av 11

Du får ikkje meir gøy enn det du lagar sjølv heiter det seg. Laurdagens konsert i Oseana opnar for eit vedlegg til den påstanden.

Nemleg - eller saman med andre.

Tilslørte Bondepiker, eit kor med ei greie for landbruk og det grøne, hadde invitert med seg Oldtimers Big Band og Veggpryd til felles konsert i storsalen i Oseana.

Å skulle fylla opp 476 raude stolar er ikkje berre-berre, men då konserten starta hadde nærare 370 publikummarar sikra seg plass.

Gull-billettar

Eit knippe ekstra raske billettkjøparar hadde òg klart å sikra seg «Golden Circle-billettar», noko som plar innebera at du får sitja ekstra tett på scenen.

Lite visste dei at det eigentleg innebar eige bord, på scenen, men ferdig namnekort - sjølvsagt i gull.

Ei musikalsk tidsreise

Konserten vart innleia med eit opprop til ei flyging til New York - bondepikene har jo ein skamlaus draum om å reisa til New York.

No skulle heile salen i alle høve på ei musikalsk reise til eit svingande New York.

Laurdagens konsert kan ikkje vera anna enn eit glitrande prov på kva som skjer når flinke folk gjer noko saman med andre flinke folk. Då gjer dei kvarandre endå betre.

Det svinga noko heilt intenst, og samspelet mellom bondepikene og orkestra mana fram den eine heftige applausen etter den andre frå eit engasjert publikum.

Publikum fekk oppleva musikalske bautaar som «Sing, Sing, Sing», «Mr. Sandman» og «Girl From Ipanema», og fleire av arrangementa var det dei lokale musikarane sjølve som stod for.

Ein glitrande framførd «Its Oh So Quiet», gjord kjend av islandske Björk, var eit tidleg høgdepunkt i konserten.

Crooning med Haaland

Eit anna høgdepunkt, og ikkje minst underhaldande innslag, var Jan Haaland sin duett med Kristine Bjånes på låta «Crazy».

Som ein publikummar så fint sa det på vegen ut etter konserten; vi visste at Haaland var god, men no har bondepikene verkeleg fått orden på han…

Og orkesteret?

Stødig leia av musikalsk leiar Helge Haukås, og halde i taumane av trommis Nils Midtseter let dette særs bra.

Øving, kreativitet og samarbeid leiar utan tvil til store konsertopplevingar!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.