Politi | 11. sep. 2023

Sykkeluhell og førarkortbeslag

Tre syklistar velta, mistenker dårleg friksjon i rundkøyring.

Rundkøyringa i Ulvenvegen har også tidlegare vore undersøkt for manglande friksjon. Her i 2020. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. sep. 2023 08:16

Søndag klokka 10.29 fekk politiet melding om eit trafikkuhell med tre involverte syklistar.

– To av dei låg i vegbanen, ein tredje låg utanfor vegen, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Ambulanse var òg på staden.

– Berre éin av dei var skadd. Vedkomande blei køyrd til lokal legevakt for sjekk.

Det var ingen bilar involvert i uhellet. Årsaka er uviss, men kan ha samanheng med låg friksjon i ei rundkøyring.

Torsdag blei asfalten frest. I tillegg blei det tatt fleire prøvar av asfalten, som allereie har vist seg å ha for dårleg friksjon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògHar testa friksjonen på rundkøyringa i Ulvenvegen

Arrangørane av Os Triathlon, som gjekk av stabelen i går, kjenner ikkje til dette uhellet.

Om det har skjedd i samband med Fanafjellet Rundt, er for Midtsiden uvisst.

Førarkortbeslag på Søfteland

Laurdag i 19-tida hadde politiet fartskontroll i ei 60-sone på Byvegen, nær Er-An.

– Ein bilist blei målt til 102 km/t i 60-sona. Det blei tatt førarkortbeslag og oppretta sak.

– Vedkomande, ein mann på rundt 40 år, erkjente forholdet og samtykka til beslag.

Søndag hadde politiet trafikkontroll på Halhjem ferjekai. 90 trafikantar blei kontrollert utan at det førte til nokon reaksjon.

Laurdag kveld i 20-tida observerte politiet 50 til 100 motorsyklistar på Byvegen.

– Nokre av dei mangla skilt, nokre køyrde på eitt hjul, men dei blei ikkje stoppa eller kontrollert, opplyser Lyssand, utan å nemna kvifor dei ikkje blei stoppa.

Fleire hjortar på E39 - to hundar sakna

Fredag i 13-tida fekk politiet melding om to sakna fuglehundar i Hegglandsdalen.

– Det er uvisst om dei blei funne igjen.

Klokka 01.50 natt til laurdag fekk politiet melding om fleire hjortar som var observert ved tunellmunninga på Lyshorntunnelen.

– Vegtrafikksentralen var kjent med forholdet og følgde med på overvakinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.