To år etter at han kjøpte sin første racersykkel la Simon ut på lang langtur.
To år etter at han kjøpte sin første racersykkel la Simon ut på lang langtur.

Sykla Bergen-Oslo-Trondheim på 4 dagar

– Eg fekk lyst på ein litt lengre tur, seier Simon Noel.

Kjetil Vasby Bruarøy
11. oktober 2020 - 9:58

Han har sykla til og frå jobb på Nesttun i 5-6 år, men det er berre to år sidan Simon Noel frå Os kjøpte sin første racersykkel.

– Det var berre for at turen til og frå jobb skulle gå raskare, men den blei jo òg gøyare, så av og til blei det omveg om Fanafjellet, Gullbotnen eller Fusa for å få litt tur ut av det.

Simon er likevel for nykomar å rekna, når det kjem til langturar.

– Eg har sykla Bergen-Voss (ca 165 km) éin gong, og det var i fjor. Då var vi tre kollegaer som var einige om å ta det som ein søndagstur, og lata svakaste ledd styra farten. Vi brukte rundt sju timar.

Likevel kasta han seg i måndag ut på ein over 1000 kilometer lang tur.

Sykkelrittet Trondheim-Oslo er 540 km langt og blir skildra som «verdas lengste og eldste turritt, syklingens største klassikar, ein styrkeprøve der kampen mot deg sjølv gir deg ei oppleving for livet». Dei raskaste i konkurransen kjem i mål på under 14 timar.

Simon skulle altså først frå Os til Oslo før han tok same distanse.

– Kva fekk deg til å gå laus på denne lange distansen?

– Eg har auka treningsmengda i år, og fått nokre lengre turar saman med venar. Bergen-Oslo på to dagar gjekk overraskande lett. Det gav meirsmak, og eg tenkte det kunne vera fint å ta ein skikkeleg langtur åleine.

– Å vera på tur åleine kan vera fint, men på tøffe parti er det tungt mentalt å motivera seg til å halda fram med å trø.

Måbødalen: Etter klatring frå Eidfjord til Dyranut venta motvind på Hadangervidda.
Måbødalen: Etter klatring frå Eidfjord til Dyranut venta motvind på Hadangervidda. 

 

I gode og tunge dagar

Simon hadde sikta seg inn på å bruka 3,5 dagar på turen, men enda med 4 dagar og ei overnatting i Trondheim for å ta fly neste dag.

– Eg hadde kjøpt fleksibillett. Du veit aldri om du får tekniske problem som set deg ut av spel litt lengre enn for eksempel ei enkel punktering.

Oppsummert seier han dette om farten per dag:
Dag 1 Os - Hol: Lågare snittfart enn venta (i alt 289 km på 14 timar)
Dag 2 Hol - Lillestrøm: Ok fart (238 km på 10 timar)
Dag 3 Lillestrøm - Koppang: Høgare fart enn venta (240 km på 10 timar)
Dag 4 Koppang - Trondheim: Mykje høgare fart enn venta (270 km på 9:40)

Det var ikkje tekniske årsaker til at turen blei nokre timar lengre enn venta.

– Starten blei tøff med motvind og låg fart over Hardangervidda. Etter klatring frå Eidfjord til Dyranut er det tungt å sykla i motvind, så eg kom meg ikkje til Flå, som var planen. Eg gav meg i Hol.

Det blei òg mykje sykling på grus.
Det blei òg mykje sykling på grus.

Gledesrus - 150 kilometer før mål

– Korleis er det å byrja å sykla om morgonane, når du har mange kilometer i beina frå dagen før?

– Syklinga gjekk lettare og lettare. Det var som om eg blei sterkare dag for dag. 

– Det hadde nok vore annleis om eg var pressa på tid eller hadde konkurrert dagen før. Sjølv om eg hadde sett meg som mål å klara det på 3,5 dagar, var eg mest opptatt av å gjennomføra, og styrte tempo etter dette. 

– Kva var finaste naturoppleving på turen?

– Du får sett mykje fint når du syklar langt. Noko av det finaste var skog, vatn og elv nord for Rena, mens sola kom fram. Dette er nok prega av sinnsstemninga mi der og då, etter nokre kilometer med sykling i mørket var det flott å sjå sola koma opp.

Fin morgonstemning nord for Rena.
Fin morgonstemning nord for Rena. 

Det som truleg var ein av dei største oppturane kom ved ei vegsperring på Tynset den siste dagen.

– Det låg an til omkøyring, som betydde 40 kilometer ekstra, men etter 200 meter stoppa eg og tok ein telefon til Veigtrafikksentralen. Deg gav meg løyve til å sykla gjennom. Ikkje berre sparte eg tid på å sykla rundt, eg fekk E3 for meg sjølv i 8 mil!

Etter 770 kilometer på tre første dagane suste Simon mot Trondheim - med snittfart på 28 km/t.

– Eg veit ikkje kva som skjedde, men 150 kilometer før mål kjente eg ein god porsjon gledesrus. Eg sjønte at eg ville klara det, sjølv om det nesten var Bergen-Voss-distanse igjen, seier Simon og ler. 

Då det var 6 mil igjen ringte han heim på FaceTime, så dei heime kunne følgja han på delar av det som kjentes ut som ein innspurt mot mål. 

Simon kjøpte sin første racersykkel for to år sidan.
Simon kjøpte sin første racersykkel for to år sidan. 

Så blei det pizza og ei overnatting i Trondheim før demontering av sykkel og fly heim. No pønskar Simon på neste langtur.

– Du kallar deg «Kveiten» i ditt eige referat på Facebook frå turen. Kvar har du fått det kallenamnet frå?

– Eg gav det til meg sjølv då eg byrja å trena med Opptur Motbakkeklubb for nokre år sidan, fortel Simon og ler.

– Eg var 104 kilo tung og meinte kallenamnet kledde meg. Det var ikkje vekttap som var motivasjonen, det var det å bevega seg meir og bli litt sprekare. At eg har gått ned 19 kilo på tre år er berre ein konsekvens av auka aktivitet.

Simon i mål i Trondheim torsdag.
Simon i mål i Trondheim torsdag. 

 

Les meir om

Sport Kondis Reise Sykling