Sport | 01. mai 2016

Sykla over halve Os Rundt åleine

Bjørnar Rettedal stakk frå alle, men blei innhenta før mål i årets Os Rundt.

Sykla over halve Os Rundt åleine
Landa på 2. plass: Bjørnar Rettedal frå Sandnes stakk frå alle og sykla store delar av Os Rundt åleine. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 01. mai 2016 17:46

Bildeserie:

Arrangørane klare til å ta imot dei 47 deltakarane. (Foto: KVB)
Arrangørane klare til å ta imot dei 47 deltakarane. (Foto: KVB)
Yngve Sælen, formann i CK Henie. (Foto: KVB)
Yngve Sælen, formann i CK Henie. (Foto: KVB)
I første felt kom sju syklistar. (Foto: KVB)
I første felt kom sju syklistar. (Foto: KVB)
Øystein Blohm-Olsen vann igjen. (Foto: KVB)
Øystein Blohm-Olsen vann igjen. (Foto: KVB)
Siste del av første felt. (Foto: KVB)
Siste del av første felt. (Foto: KVB)
– Ein herleg start på sesongen, synest denne gjengen frå Astrik. (Foto: KVB)
– Ein herleg start på sesongen, synest denne gjengen frå Astrik. (Foto: KVB)
1 av 6
Arrangørane klare til å ta imot dei 47 deltakarane. (Foto: KVB)
Yngve Sælen, formann i CK Henie. (Foto: KVB)
I første felt kom sju syklistar. (Foto: KVB)
Øystein Blohm-Olsen vann igjen. (Foto: KVB)
Siste del av første felt. (Foto: KVB)
– Ein herleg start på sesongen, synest denne gjengen frå Astrik. (Foto: KVB)

I dag blei turrittet Os Rundt arrangert, som vanleg 1. mai. Når 1. mai kjem på ein søndag betyr det ofte lågare deltakartal.

– For det første har kretsen sett opp tre andre sykkelritt denne dagen, for det andre landa det på same helg som Bergen City Marathon. Eg veit om fleire som ville ha sykla i dag om dei ikkje sprang i går, seier formann i arrangørklubben CK Henie, Yngve Sælen.

Det er minst 10 år sidan sist Os Rundt hadde under 50 deltakarar. I dag var det 47 deltakarar, mot 133 i fjor. Ingen av dei sykla den korte familievenlege løypa som tilsvarar Ulvenmarsjen.

Blom-Ohlsen vann - framfor optimist frå Sandnes

Øystein Blohm-Olsen frå Åsane CK stakk av med sigeren. Blohm-Olsen har vunne Os Rundt tidlegare og kom på 2. plass med same tid (1:02:07) som vinnaren i 2015.

I sønnavind blei løyperekorden aldri truga, Øystein kom i mål på 1:06:51 i dag. Til same tid, men ei sykkellengd bak, kom Bjørnar Rettedal.

Han stakk frå alle mellom Ulven og Lysekloster-ruinane og sykla åleine over Fanafjellet, langs Kalandsvatnet og gjennom Søfteland åleine, men blei innhenta på Hetleflåten og tråkka i mål med vinnarfeltet på sju syklistar.

– Vi var to som stakk ved Ulven leir og så sykla eg frå han eine før klosteret. Det blei tungt å ligga åleine i motvind frå Kaland til Os. Då eg merka at eit felt tok meg igjen så la eg meg med dei for å spara krefter til spurten. Det gjekk nesten, seier Rettedal, som bur i Bergen, men framleis står som medlem i Sandnes SK.

Ramsvik vann kvinneklassen, Nordang var raskaste frå Os

Samund Nordang (1:11:20) og Rune Sævareid (1:11:23) var raskast av dei fem deltakarane frå CK Henie.

Monica Willgohs Ramsvik frå CK Henie (1:21:19) var raskaste kvinne uansett klubb - av dei to kvinnene som var med.

For alle resultat, sjå ckhenie.no.

KVINNER
1. Monica Willgohs Ramsvik (CK Henie) 1:21:19
2. Linn Christin Ekse (Åsane CK) 1:26:50

MENN
1. Øystein Blom-Ohlsen (Åsane CK) 1:06:51
2. Bjørnar Rettedal (Sandnes SK) 1:06:51
3. George Corbin (Fana IL) 1:06:52
3. Fredrik Olsen (Åsane CK) 1:06:52
5. Kjetil Frøystein Larsen (Fana IL) 1:06:53
5. Stian Heggøy (Vest CK) 1:06:53
7. Yngve Kiserud (Hardanger SK) 1:06:54

Etter vinnarpulja på sju syklistar kom eit felt med seks syklistar. Dei kom i mål på 1:09 etterfølgt av eit felt med to frå CK Henie som kom inn på 1:11.

FRÅ CK HENIE
Samund Nordang 1:11:20
Rune Sævareid 1:11:23
Edvard Ramsvik 1:21:28
Torbjørn Helgesen 1:14:05
Monica Willgohs Ramsvik 1:21:19

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.