Helse | elleve timar sidan

Syklar mot Frankrike – til inntekt for andre

Fem år etter Lindesnes-Nordkapp er jentene i «Psykkelhelse» på veg til Paris.

Syklar mot Frankrike – til inntekt for andre
Eirin Austevoll og to venninner sykla på gårsdagens etappe frå Tyskland gjennom Nederland og inn i Belgia. No gler dei seg til å sykla gjennom vingardar på veg til Paris. Foto: privat
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 22. juli 2026 12:16

Eirin Austevoll frå Os sykla i 2021 frå Lindesnes til Nordkapp saman med venninna Helga Sia frå Sandnes.

Dei to lærarstudentane var opptatt av å støtta arbeidet med psykisk helse, og samla med «Psykkelhelse» inn over 46.000 kroner til organisasjonen Mental Helse.

No er dei på dag 11 på veg frå Lindesnes til Paris.

To har blitt tre, tidlegare studievenninne Emilie Aamodt frå Stavanger er med på laget.

– Me har snakka ei stund om å ta ein tur til, og no passa det for alle. Det er ekstremt bra at Emilie er med, ho bidrar med blant anna med fart og kart, seier Eirin.

– Forskjellen på førre tur og no, er at me no er i jobb. Sist var det veldig lågbudsjett, no slepp me telt. Det blir hotell, vandreheimar og Airbnb.

Turen starta søndag 12. juli.

Målet er å vera framme i Paris innan Tour de France har ankomst søndag 26. juli.

– Me satsar på å trilla inn ved Eiffeltårnet laurdag ettermiddag, så me kjem i posisjon til å sjå målgangen på Tour de France søndag.

F.v.: Emilie, Helga og Eirin då dei måndag kveld kryssa Rhinen i solnedgang. Foto: privat
F.v.: Emilie, Helga og Eirin då dei måndag kveld kryssa Rhinen i solnedgang. Foto: privat

Denne gong er det òg innsamling, via Spleis, men til organisasjonen LEVE, Landsforeningen for etterlatte ved sjølvmord.

«LEVEs formål er å støtte etterlatte og berørte ved selvmord, og å bidra til å forebygge selvmord gjennom åpenhet, opplysningsvirksomhet og politisk arbeid.»

Helga og Eirin starta på Lindesnes 12. juli. Emilie kom frå Oslo, og slengte seg på i Kristiansand.
Helga og Eirin starta på Lindesnes 12. juli. Emilie kom frå Oslo, og slengte seg på i Kristiansand.

– Spleisen vår, «Sykle til Paris for LEVE», har allereie over hundre givarar. Me er veldig glade for alle som støttar!

– Éin ting er inntekta vi skapar, men me håper òg at det å setja fokus på LEVE kan føra til gode, førebyggande samtalar, seier jentegjengen.

Midtsiden fekk ein prat med dei tre under gårsdagens lunsj. Dei spreke damene legg stort sett bak seg 110-130 kilometer for dagen.

I går, på dag 10, sykla dei frå Tyskland gjennom Nederland og inn i Belgia.

På to dagar, måndag og tysdag, sykla jentene 250 km frå Münster i Tyskland til Liège i Belgia. Kart: Google Maps
På to dagar, måndag og tysdag, sykla jentene 250 km frå Münster i Tyskland til Liège i Belgia. Kart: Google Maps

«Psykkelhelse» har daglege rapportar med bilde frå kvar etappe.

Rapportane inkluderer morosame, personlege skildring av både landskap, bybilde, sykkelstiane, måltid og – punkteringar.

At Eirin ikkje trudde punktering skulle bli ei utfordring blir nemnd kvar gong jentene må lappa slange.
At Eirin ikkje trudde punktering skulle bli ei utfordring blir nemnd kvar gong jentene må lappa slange.

Ingen av dei tre jobbar som lærarar. Eirin er i Nordsjøen, Emilie jobbar med fjellsikring og Helga jobbar med folkehelse og oppvekst for Luster kommune.

Men psykisk helse er framleis ei felles hjartesak.

Gårsdagens lunsj, på ein dag dei reiste frå Tyskland, gjennom Nederland og inn i Belgia.
Gårsdagens lunsj, på ein dag dei reiste frå Tyskland, gjennom Nederland og inn i Belgia.

Sjølv ser dei ut til å halda humøret oppe, trass ymse utfordringar.

– Det er veldig fint å sjå byane og landskapen frå sykkelsetet, du får med deg mykje meir enn når du køyrer bil.

– Men det er ikkje alle plassar det er like godt eigna med sykkel. Når det er 30 lysskryss på 3 kilometer, går det seint.

– Kvar dag har me kome fram seinare enn venta, seier Eirin og ler.
– Kvar dag har me kome fram seinare enn venta, seier Eirin og ler.

– Me trudde me skulle koma ned til ei hetebølge, men turen gjennom Tyskland blei grå, våt og ganske kald, stort sett 16 gradar.

– No gler me oss til å sykla gjennom vingardar i Frankrike, det er gulrota vår!

– Kva skjer etter Paris? Skal de selja syklane billig og fly heim?

– 65 familiemedlemmar og venar spleiste nyleg på denne sykkelen i gåve på 30-årsdagen min, så den skal ikkje seljast! svarer Eirin kontant.

– Ingen av oss treng å vera heime før 10. august, så me blir nok verande på tur ei stund til. Kanskje reiser me til Italia for å sykla litt der, me får sjå.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?