Lokal | 23. mai 2012

Syklar Noreg på langs

VIDEO: Dei skal sykla vel 3000 kilometer for en barndom utan vald. Gjennom Os fekk dei følgje av elevar får Nore Neset skule.

Andris Hamreonsdag 23. mai 2012 11:57

For å setja søkelyset på vald mot barn står Stine Sofie Stiftinga bak kampanjen "Noreg på langs" der dei skal sykla frå Lindesnes til Nordkapp. Onsdag var dei komen til 4. etappe frå Sagvåg til Manger. Klokka 11.30 kom dei med ferja frå Sandvikvåg og blei møtt av eit 30-tals elevar frå Nore Neset skule.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

- Eg blir helt rørt, sa gründer og intitiativtakar til stiftinga Ada Sofie Austgulen då ho møtte ungane.

3. klassingane hadde gått frå skulen til Halhjem for å vera velkomstkomité med norske flagg medan 5. klassingane hadde tatt sykkelen fatt for å vera lokale vegvisarar frå ferjekaien til skulen kor 8. klassingane venta for å losa gjestane frå sør trygt vidare til Søfteland.

Alle kan vera med

Såvidt Midtsiden kjenner til er det første etappa dei om lag 30 syklistane får følgje frå lokalsamfunnet. Lions Noreg er ein av støttespelarane til sykkelturen og det var lokallaget i Os som oppretta kontakten mellom syklistane og skulen.

- Dette er eit tema som er viktig og som fell godt saman med arbeidet Lions gjer. Difor var det heilt naturleg å bidra, fortalde Kjell Inge Aarbakke, leiar i Lions Os.

- Om det er fleire folk langs ruta som har lyst til å vera med oss er det berre å gjera som osingane og kasta seg med. Ein treng ikkje sykle så langt, fortalde Austgulen.

Heile ruta og tidsskjemaet finn du på norgepalangs.com. I Trondheim er det allereie 80 personar som har sagt dei vil vera med eit stykke.

Vil rekruttera fadrar

I tillegg til å setja søkelyset på vald mot barn har sykkelturen også eit anna formål.

- Vi håpar at oppmerksomheta gjer at fleire vil melda seg som barnerettsfadderar i stiftinga.

- I 2015 skal vi opne eit senter for valdsutsatte barn, i mellomtida håper vi enno fleire vil engasjere seg for borna.

- Om du ser eit barn som blir utsatt for vald så sei i frå, oppmoda Austgulen.

Du kan seie i frå anten ved å kontakta barnevernet eller ringe barnas alarmtelefon på 116 111.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.