Sykt Mørkt på TV i kveld
Pål Winsents sin nye dokumentarfilm, Sykt Mørkt, handlar om skjerming av ME-sjuke. I kveld blir den vist på NRK.
Måndag kveld (kl 19.45) blir dokumentarfilmen Sykt Mørkt vist på NRK. Filmen er produsert av Tom Marius Kittilsen mens osingen Pål Winsents har regien.
– Etter å ha sett mange ME-pasientar dei siste sju åra, og følgt tett med på Kristine og Bjørnar sine kvardagsliv dei siste seks, ser eg at dei sjukaste ME-pasientane har behov for å skjermast heilt for lys, lyd og ytre stimuli, seier Pål Winsents i Fenomen Film.
I sommar gjekk blant anna overlege Vegard Bruun Wyller, med doktorgrad på ME hos ungdom, ut mot Helsedirektoratet sine 10 råd for å skjerma dei sjukaste ME-pasientane. Han meiner råda er villeiande og bør fjernast.
- Dei går langt i å anbefala dei sjukaste nærmast total skjerming. Det er både galt og farleg, seier overlegen til NRK.no.
– Konsekvensen av stimuli er endå verre
Bjørnar Krisner, som no ligg på tiande året, meiner Wyller ikkje har greie på kva han snakkar om.
- Dei 10 rådatil Helsedirektoratet må ikkje fjernast. Alvorlege ME-sjuke må skjermast. Eg blir fysisk dårleg av stimuli.
– Eg skjønar at det ikkje er ideelt å ligga heilt stille, men konsekvensen av å aktivisera er mykje verre, seier Bjørnar.
Mangel på innsikt?
Produsent Tom Marius Kittilsen går langt i å hevda at Wyllers uttalelse er mangel på fagleg innsikt om dei aller sjukaste ME-pasientane.
- Vi kan ikke forstå anna enn at Wyller ikkje kan ha hatt noko med denne gruppa ME-sjuke å gjera i si forsking, seier produsent Tom Marius Kittilsen i Fenomen Film.
- Vi oppfordrar Helsedirektoratet til å sjå filmen og høyre kva Bjørnar seier i opptaket vi nyleg offentleggjorde, seier Winsents.
VIDEO: Sjå trailer av Sykt Mørkt.