T. Ullrich til topps!
Det blei fleire overraskingar då finalane i MidtsidenCup blei spelte laurdag, og to av tre finalar blei avgjort på straffespark-konkurranse.


Laurdag var det sluttspel i MidtsidenCup. Herreklassen starta med 1/8-finale, mixklassen med kvartfinale og dameklassen med semifinale.
To av laga frå fjorårets semifinalar i herreklassen rauk ut i første kamp, både Vågshaugen City og Søndagsklubben (2. plass i fjor) tapte då kampane deira måtte avgjerast på straffkonk.
Her er vinnarane:
(Artikkelen blir oppdatert sundag, med meir om kampane og fleire bilde)
Dameklassen:
Havets Delikatesser overraska med 1-0 over (G)old Ladies, og tok seg til finale med berre å skåra til saman eitt mål på tre kampar. Tilbake til Fremtiden hamna under 0-1 for Vi på Vingen i semifinalen, men reiste seg og vann 2-1.
I finalen slo Tilbake til Fremtiden Havets Delikatesser på ein spennande straffekonk etter 0-0 etter ekstraomgang/sudden death.
Mixklassen:
Godt Blandet gjekk til finale etter å ha slått Ødelagt på straffekonk. God STIL vann sin semifinale 3-1 over Øyane Pokerlag FC.
Finalen blei ikkje spennande, God STIL fullførte med stil og vann 4-1.
Herreklassen:
T. Ullrich slo Orcus på straffekonk i semifinalen. Bikkjo vann 1-0 over The Bodies i sin semifinale.
I finalen var det Bikkjo som tok leiinga, men felling av ein T. Ullrich-spelar framfor Bikkjo-målet gav straffe til Ullrich. Øyvind Steffensen gav nytt håp tillaget sitt ved å få Hans Brunvatne til å gå feil veg på straffen.
Dermed gjekk også herrefinalen til straffekonk, og det heldt ikkje med dei tre første straffane før finalen var avgjort. Begge laga hadde høve til å avgjera, men til slutt var det ei redning av Chris Kytiri på T. Ullrich som sikra siger til semifinalisten frå i fjor.