Lokal | 17. feb. 2014

– Ta mindre medisin

Bettina Husebø kritisk til medisinbruken blant eldre. – Lykkepillen gjev inga lykke, hevdar forskaren.

– Ta mindre medisin
Bettina Husebø heldt det første foredraget på Seniortreffet i Oseana (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 17. feb. 2014 14:52

Under overskrifta "Aktivitet og helse" på seniortreffet i Oseana måndag fortalde lege PhD og leiar ved Senter for alders- og sykehjemsmedisin, Bettina Husebø, at ein bør kutta ned på medisinbruken.

– Lykkepillen gjev inga lykke.

– Vær kritisk til medikamentene. Dei kan vera riktige til sin tid, men ikkje til evig tid, fortalde forskaren, som rådde dei vel 300 tilhøyrarane til å kutta ned på medisinbruken.

– Det er viktig å spisa så få medikamenter som mogleg. Det er ikkje den enkelte medisinen som er problemet, men kombinasjonen av dei.

– Men det er viktig å presisera at nedtrappinga må gjerast i samråd med legen din, påpeika Husebø.

Småbarn stor glede

Husebø viste i tillegg til kva som gjev glede til sjukeheimspasientar.

– Det er viktig at dei har aktivitetar i staden for medikamenter når dei har tunge dagar.

– Forskning viser at pasientane nesten kjedar seg i hjel.

– Undersøkingar syner at kontakt med småbarn har ein stor effekt på pasientane.

– Som nummer to kjem ein-til-ein samtaler, før store hundar kjem på ein god tredje plass.

– Store hundar fungerar faktisk betre enn små, forklarte forskaren.

– Men ein halvtime i veka er ikkje nok aktivitet. Vi må kreva at det blir gjort noko meir. Korleis kan dette organiserast, undra ei pårørande i salen.

– Frivilligheit er eit stikkord. Alle sjukeheimar og hjemmetenester treng dette.

– Det finst eit program ved Verdighetssenteret i Bergen kor ein utdannar frivilligheitskoordinatorar.

– Ein bør òg kartlegga kva ressursar som ligg i personalet og hjå dei pårørande. Er det nokon som til dømes har ein hund dei kan ta med seg.

– Det handlar om å skapa glede her og no. Om å skapa gode møteplassar.

– Meiningsfull aktivitet er viktig for ein verdig alderdom, svara Husebø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.