Lokal | 07. mai 2015

Ta studiepoeng på Os

– Til hausten startar vi studiene i personalpsykologi og spesialpedagogikk for assistentar på Os, fortel Monika Hauge i Folkeuniversitetet.

Ta studiepoeng på Os
Monika Hauge frå Folkeuniversitetet arrangerer to studier på Os frå hausten av (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 07. mai 2015 12:23

Os har ingen høgskule, men til hausten blir det likevel mogleg å ta studiepoeng på universitet- og høgskulenivå i bygda. Det sørgjer Folkeuniversitetet Vestlandet for.

– Det eine studiet, personalpsykologi, går som fire helgesamlinger over haustsemesteret.

– Dette er eit studie vi har køyrd i mange år, men det er første gong vi arrangerer det på Os.

– Undervisninga går føre seg på Os vidaregåande skule, men eksamen tar studentane som privatister ved Universitetet i Bergen, forklarar Hauge.

Røynde forelesarar

Lærarar på studiet er organisasjonspsykolog og psykolog Nils Sortland og doktor i psykologi Stig Berge Matthiesen.

– Dei er begge erfarne karar frå universitetet, som no jobbar andre stader.

– Studiet passar for dei som jobbar innan HR, er leiarar/mellomleiarar eller dei som er litt på søken etter kva vei dei vil gå. Dette kan vera eit fint studie å starta med, seier Hauge.

Krav til søkjerane er at dei har generell studiekompetanse eller ei realkompetanse med dokumentert 5 års relevant praksis og at du er over 25 år.

Auka sjølvkjensle

Det andre studiet, spesialpedagogikk for assistentar, går over to semester med kveldsundervisning kvar torsdag kveld, pluss tre helgesamlingar.

– Dette er eit studie vi har i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane, som er særleg tilrettelagt for assistentar i barnehagar og skuler.

– I tillegg til å gje dei den grunnleggande innsikten og kunnskapen i det spesialpedagogiske feltet er det eit mål å gje desse ein tryggleik i jobben dei gjer og gjennom det auka sjølvkjensla på arbeidsplassen.

– Mange av desse har gjerne gått rett i ein assistentjobb etter vidaregåande skule og mangler ei formell kompetanse som kurset vil gje dei.

– Fleire av dei som har vore med på studiet tidlegare fortel at dei har fått ein heilt anna status på arbeidsplassen sin etter at dei har tatt studiet. I tillegg gjev det jo barna, som gjerne har spesielle behov, ei styrka oppfølging og opplæring.

Eit steg på vegen

Studiet kan òg vera eit steg på vegen mot ei utdanning som barnehagelærar.

– Studiet gjev 30 studiepoeng og kan vera eit godt springbrett for å gå vidare i ei utdanning.

– På dette studiet er det ikkje ein skriftleg eksamen, men ei mappevurdering kor ein skal skriva ei gruppeoppgåve og ei individuell oppgåve under tett oppfølging frå vegleiar, forklarer Hauge.

Større interesse

Studiet Spesialpedagogikk for assistentar er eitt av to tilbud Folkeuniversitet Vestlandet arrangerar på Os kommande studieår. Det andre studiet blir arrangert som helgesamlinger i Haugesund.

– Ein av grunnane til at vi tilbyr studiet på Os i staden for i Bergen sentrum er at Folkeuniversitetet har en visjon om å levera kunnskap i distrikta og i denne omgang ønsker vi å koma til Os for å dela vår kunnskap.

– Det gjer det meir praktisk for deltakarane, men vi har òg hatt deltakarar som har kome langvegs frå for å delta. Til dømes i Haugesund, kor vi i år har hatt ein deltakar som har kome frå Førde for å vera med.

Kostnadane for studia må deltakarane dekkja sjølv, om dei ikkje får det dekka frå arbeidsgjevar.

– Studiet i spesialpedagogikk for assistentar kvalifiserer for stipend og studielån frå lånekassa. Det er òg eindel fagforeningar som har støtteordningar for sine medlemmar, avsluttar Monika Hauge.


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.