Næringsliv | 08. mars 2010

Tak kollapsa

Det største taket i Os, taket på Rema 1000 sitt lager i Ådnadalen, slapp ikkje unna snøskade.

Tak kollapsa
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 08. mars 2010 09:03

Bildeserie:

Skaden på taket, fotografert i juni. (KVB)
Skaden på taket, fotografert i juni. (KVB)
1 av 1
Skaden på taket, fotografert i juni. (KVB)

Delar av det over 37.000 kvadratmeter store lageret Lidl bygde i Ådnadalen har rast saman. Lageret, som Rema 1000 overtok då dei kjøpte Lidl-butikkane og eigedomane til den tyske kjeden, er framleis ubrukt.

- Vi oppdaga skaden i starten av førre veke og leigde inn eit firma til å sikra staden og rydda resten av taket for snø, seier Tommy Guldbrandsøy i Atr Eiendom AS.

Det skal vera rundt 250 kvadratmeter av taket som er rast ut.

- Dette er eit tett råbygg, ein avsperra byggeplass, så ingen blei skadd då taket svikta.

Det store lageret på den rundt 100 mål store tomta blei overført frå Rema 1000 til Nordiske Handelsparker AS, som Reitan er blant eigarane i. Guldbransøy jobbar med å selja eller leiga ut bygningen.

- Førebels har vi ikkje hatt nokre som har behov for så stor plass at det har vore aktuelt å leiga heile bygget, så det blir nok leigd ut eller selt i delar. Vi har nokre interessentar vi jobbar med.

- Men hadde arbeidet med ny veg til Bergen vore i gong ville nok jobben vore enklare, så vi ser fram til første spadetak, legg han til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.