Lokal | 01. jan. 2018

Takk for 2017 - her er litt om 2018

Med datoar for fridagar og oppramsing av nokre av årets jubileum ønskjer vi deg eit godt nytt år!

Takk for 2017 - her er litt om 2018
Nokre av julebukkane Midtsiden møtte på i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 01. jan. 2018 10:18

2018 byr på fleire lokale, nasjonale og internasjonale jubileum.

Men først - her er nokre nøkkeldatoar* frå skuleruta (grunnskulen):
• Tysdag 2. januar er ein fridag for fleire barneskular i Os, desse har årets første skuledag onsdag
• Fredag 2. februar er fridag for elevane (også her kan det vera forskjell frå skule til skule)
• Siste skuledag før vinterferien er 23. februar. Vinterferien er i veke 9.
• Siste skuledag før påskeferien er fredag 23. mars. Påskeferien er i veke 13 (pluss måndagen i veke 14).

Så kjem mai, og både 1. mai og grunnlovsdagen 17. mai landar «midt i veka» i år.

Her er fridagane i mai:
Tysdag 1. mai
Torsdag 10. mai (himmelfartsdag)
Torsdag 17. og fredag 18. mai
Måndag 21. mai (pinse)

*nokre fridagar kan variera frå skule til skule.

Siste skuledag før sommarferien er fredag 22. juni.

100 år sidan ...

I skulane i Os, og andre stadar, vil det vera rom for tilbakeblikk, og kanskje ekstra merksemd til dei som har jubileum, anten det er snakk om 100, 50 eller 25 år.

I 1918 var første verdskrig over etter våpenkvile blei inngått 11. november. Tidlegare same år, 16. juni, vann Noreg sin første landskamp i fotball då dei slo Danmark 3-1. Vi veit ikkje korleis sigeren blei feira, men frå 5. august kunne folk kjøpa brennevin på resept (...).

Fleire personar, som i løpet av livet skulle gjera seg hugsa, blei fødd i 1918. Blant desse er mostandsmannen Gunnar Sønsteby (død i 2012), forfattar André Bjerke (d. 1985), jazzongar Ella Fitzgerald (d. 1996) og politikar Nelson Mandela (d. 2013).

• Les òg: Nyttårshelsing frå ordførar Marie E. L. Bruarøy

Os' første stortingspolitikar, Margit Tøsdal (d. 1993) blei fødd 14. april 1918. Tøsdal blei, etter å ha vore vara frå 1958, valt inn på Stortinget for Arbeiderpartiet i 1961.

50 år med organisert jakt og fiske

Ser vi tilbake til 1968 finn vi fleire lokale jubileum.

Desse selskapa og organisasjonane i Os fyller 50 år i år:
A K Dranges Båtservice & Co ANS (1. april)
Nore Neset Skulekorps (28. april)
Odd Tøsdal AS (3. februar)
Os Jakt og Fiskelag (24. mai)

Det er mogleg at nokre av desse, og andre, opererer med andre datoar for stifting, men dette er dei formelle datoane.

Av andre som fyller 50 år i år kan vi nemna skihoppar Espen Bredesen (2/2), serieskapar (Pondus) Frode Øverli (15/8), dei internasjonale stjernene Céline Dion (30/3) og Will Smith (25/9) - og dei norske idrettsstjernene Ståle Solbakken (27/2), Ørjan Berg (20/8), Johan Olav Koss (29/10) og Kjetil Rekdal (6/11)

29. august i år er det også 50 år sidan kronprins Harald gifta seg med Sonja Haraldsen i Oslo domkirke.

Kjelder: Wikipedia, Purehelp og Os kommune.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.