Takka for seg med flashmob og song
Video og bildeserie: Sånn såg det ut då 149 tiandeklassingar runda av grunnskulen.

Bildeserie:
Måndag kveld hadde 10. klassingane ved Os ungdomsskule avslutning i gymsalen til Os barneskule.
Konferansierane Mina Kjennbakken Aadland og Jonas Hodneland Sundfjord styrte showet, der foreldra fekk sjå nokre av talenta elevane har innan dans og musikk.
Elevane stilte med eige band, Hallvard Drønen (gitar og vokal), Andreas Roald (bass), Ole Martin Hagen (tangentar) og Andreas Herland (trommer) serverte låtar av Dire Straits og Pink Floyd.
Daniel Fagerlid Andreasson, som vi tidlegare har sett på Norske Talenter, hadde med seg Erik Skaar Håland til danseoppvising, eit show som i flashmob-stil blei utvida til ein fancy dans som inkluderte heile kullet (leia av lærar Janie Froestad Laupsa).
Kunnskap og utvikling
Før elevane fekk vitnemålet var det òg rom for talar. Rektor Kåre Lutro snakka om den viktige kunnskapen, utover den reint faglege, som han håper elevane tar med seg frå tida på ungdomsskulen, blant anna samarbeid, toleranse og kreativitet.
Elevrådsleiar Lars Magnus Burø fortalte om endringar, både på skulen, som var under ombygging då 2000-årgangen kom som nye elevar, og korleis dei sjølv har vakse desse tre åra. Han takka òg alle dei tilsette ved skulen, frå reinhald til rektor.
Før elevane fekk papira sine og kunne ta turen vidare ned til avslutningsfest i Kløvertun var det lærarane sin tur. Dei parodierte elevane sine i ein morosam presentasjon om fag og framferd.
– Utruleg flotte vitnemål
Lutro seier at han ikkje har snittet til alle elevane, men at han beit seg merke i kor mange fine karakterar det var då han signerte vitnemåla som blei delt ut i går.
– Eg trur ikkje eg har sett så mange 5-arar og 6-arar i éin årgang før.
– Fleire av elevane har òg fått med seg fine attestar frå kantina, der 20 elevar gjennom skuleåret vekslar på å hjelpa til. Desse lærer ein god del om både mathygiene og service og får papir som kan vera gode å ha om dei vil søkja sommarjobb eller deltidsjobb.
Elevtalet går ned - og så opp
2000-årgangen ved Os ungdomsskule har vore 150 elevar fram til i haust, då det var ein som flytta.
– Vi slepp no 149 ut dørene og får inn oppunder 120 til hausten. Det er cirka ein klasse mindre, men vi held på 5-parallell, så vi har rom for å passera 120, fortel Lutro.
Dette er siste kull med nedgang, framover ser det berre ut som om vi vil auka og innan 2020 er begge ungdomsskulane i Os kommune heilt full.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.