Kultur | 18. mai 2023

Takkar deltakarane - deler ut to prisar

To av laga som deltok i 17. maitoget får 3000 kroner kvar.

Tore Kleppe og Anders Hjelle rydda plass til toget langs traseen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 18. mai 2023 09:06

Etter gårsdagens markering vil 17. maikomiteen takka alle som stilte for å få med seg talar og song i Os Minnepark, alle som deltok i toget og alle som kom for å stå langs traseen og skapa stemning.

– Det blei den folkefesten vi hadde håpa på, seier Anders Hjelle på vegner av seg sjølv og resten av arrangørane.

Komiteen besto i år av varaordførar Harald Lekven, Tore Kleppe frå kommunestyret, leiar og kultursjef Erik Vangsnes og frivillig komitémedlem Anders Hjelle.

Tre av dei fire i årets komité, Harald Lekven, Tore Kleppe og Anders Hjelle. Sistemann er formann og kultursjef Erik Vangsnes. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògGratulerer med dagen!

Ved sidan av rekkefølge og trasé var det nytt i år at utdeling av pris for beste og mest morosame innslag i toget er tilbake med kåring og premiering.

Dei to som får 3000 kroner kvar er: Os Turnforening og Os skulekorps.

Bildeserie:

Fleire atletar frå Os Turn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Skulekorpset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Friidrettsgruppa i Os Turn stilte sterkt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fleire atletar frå Os Turn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Skulekorpset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 3
Skulekorpset. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Friidrettsgruppa i Os Turn stilte sterkt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Fleire atletar frå Os Turn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

– Neste år håper vi endå fleire lag og organisasjonar deltar, seier Hjelle.

Komiteen er nøgd både med solstrålene som kom, og med stemninga.

– Det blei den folkefesten vi håpa på. Ut frå bilde vi har sett i media, ser det ut som om det var nokre tusen som deltok.

Sjå videoar og bildeseriar i sakene under:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.