Lokal | 14. sep. 2009

Takkar Erna

Høgre ser ut til å bli den store valvinnaren, både på landsbasis og lokalt. Børge Lunde frå Os Høgre takkar partileiaren for suksessen.

Takkar Erna
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. sep. 2009 21:26

På landsbasis ligg Høgre an til ein framgang på 2,9 prosent.

- Vi har hatt mange flinke tillitsvalgte ute, og dei har jobba hardt desse vekene før valet. I tillegg har vi fått god drahjelp av ein entusiastisk partileiar, seier Børge Lunde om suksessen.

- Ho har vist ein glød og eit ekte engasjement som har smitta over på oss andre.

I skrivande stund er varaordføraren på Os Rådhus. Han fortel at valstyret er permittert og at Nore Neset valkrins ventar på å få klarsignal til å gå heim.

Os gjekk Høgre fram 4,2 prosent til 20,9 prosent.

Lokal innsats
Lunde fortel at nokre har vist til lokale sakar når dei har gjeve Høgre ros, andre har sagt at dei ikkje ville ha stemt Høgre om det hadde vore lokalval.

- No får vi ei utfordring med å halda oppslutnaden oppe også lokalt. Slik eg har opplevd stemninga i valkampen meiner mange osingar at Høgre har vore det rette å stemma på for dei som vil ha ny regjering.

- Mange har nok stemt Høgre for første gong ved dette valet.

Blanda kjensler for Venstre og Frp
Venstre har tapt mange veljarar, og Lars Sponheim, som ligg an til å mista stortingsplassen sin, annonserte i kveld at han trekk seg som partileiar om resultatet står seg.

- Det ser ut som om Laila Reiertsen kjem til å ta Sponheim sin plass. Eg synes han har vore ein viktig figur i norsk politikk, så det er i så fall med blanda kjensler.

- Samstundes ville det vore veldig kjekt med ein osing på stortinget, så eg håpar Laila får dei stemmene som må til, seier Lunde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.