Sport | 13. feb. 2019

Takle Eide mister truleg heile sesongen

Den raskaste spelaren på Kuventræ er ute med skade i eit korsband.

Takle Eide mister truleg heile sesongen
Treningskampen mot Fana kan ha vore Øystein sin siste kamp i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 13. feb. 2019 11:43

Øystein Takle Eide, som fyller 22 år i år, ser ikkje ut til å få bygga vidare på den gode sesongen i 2018.

– Første gong eg kjente noko til det var i KM-finalen. Eg vrei kneet to gongar og gjekk til slutt av banen. Det gjorde mest vondt dagen etterpå, fortel Øystein.

Tida fram mot nyttår var det lite fotball, nokre eksamenar og mest eigentrening med styrke og løping.

– Det kjentes greit ut, så eg brydde meg ikkje med å få sjekka kneet. Men no i januar har det dukka opp igjen, først på trening, så i treningskamp mot Fana.

No har Øystein fått stadfesta at det er snakk om eit skadd korsband i kneet, og han ønskjer sjølv å få skaden operert. I så fall blir det ni månadar før han kan spela kamp igjen.

– Det er spesielt å gå frå fem økter i veka med fotball til null, men eg er innstilt på å bli heilt frisk igjen og å vera tilbake for fullt til 2020-sesongen.

– Synd for både Øystein og laget

Takle Eide har vakse opp i Os Fotball, var som 18-åring yngstemann i Lysekloster sin stall i 2015 (23 kampar og 3 mål), og kom tilbake til moderklubben i 2016.

Etter 22 kampar og 5 mål i 2016 blei det 18 kampar og 1 mål i 2017. Trass brot i foten i fjor, blei 2018 ein endå betre sesong, med 8 mål på 13 kampar.

– Først og fremst føler eg med Øystein, som har vist god progresjon den siste tida, men no får eit langt opphald, seier trenar Endre Brenne.

– Samtidig er det sjølvsagt synd for laget. Øystein er ein god lagkamerat og ein dyktig og ekstremt rask spelar.

I angrepsrekka har Os erstatta Christoffer Hafsås med Roger Ekeland.

– Vi kjem nok ikkje til å jakta etter ei direkte-erstatting for Øystein, vi har nokre gode, yngre spelarar i eigne rekkjer som kan passa i tilsvarande rolle.

– Det vi framleis ser etter er noko påfyll i forsvaret. Der er vi i dialog, og kan få nokon på prøvespel om ikkje så lenge, seier Brenne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.