Talane, diktet, musikken

Sjå 12 minutt av den vellykka støttekonserten for Syria.

Kjetil Vasby Bruarøy
09. november 2015 - 10:14

Søndag ettermiddag blei Oseana fylt med «kindness», Ryan Adams-låta Gina Aspenes song var ein av fleire lyriske tekstar som passa godt til dagens tema.

– Eg er glad det gjekk så bra, at det kom så mykje folk og at det blei ei så god stemning. Oseana er ein fantastisk plass å arrangera noko slikt, og artistane i og rundt Os er så gode at du treng berre å invitera, så så veit du at det blir bra, seier initiativtakar Ole Reinert Berg-Olsen. Eller rettare sagt, etter initiativ frå Ole si kone, Kari.

Både ordførar Terje Søviknes og Fonos-dirigent Stine Kobbeltvedt takka Ole for initiativet.

• 180 hadde løyst billett på førehand, nesten hundre kjøpte billett i døra.
• I tillegg til 275 selte billettar gav Os kommune ein gåvesjekk på 20.000 kroner.
• Odin Offshore har donert eit måleri av Jarl Hugo Låstad. Dette blir selt på auksjon, ein auksjon som går ut veka, og som det allereie før konserten kom eit bod på 25.000 kroner på.

– Eg har førebels ikkje oversikt over kor mange vaksne- og barnebllettar vi har selt, men det ser ut som om vi passerer 100.000 innsamla kroner.

God integrering

Ole hadde samla ein fin bukett lokale musikarar, inkludert seg sjølv, og song blant anna «Heim til Os» og ein heilt ny låt, spelt inn for to veker sidan, «Sands of time».

Han hadde også invitert nabo, kamerat og kunstnar Arne Mæland, som tidlegare har tatt initiativ til ulike støttekonsertar, til å halda ein appell.

Mæland fortalte om syriske flyktningar han møtte i Italia tidlegare i haust og minna om at det ikkje berre er mat og tak over hovudet flyktningane treng, «kva tenkjer dei når dei legg seg om kvelden?».

– Rause menneske er vakre menneske, sa Arne.

Åsmund Lien, som hjelpte Orbo med nynorsken på låta «Heim til Os», blei utfordra til å skriva eit dikt med tittelen «Ny i Os».

Resultatet blei eit treffsikkert stykke poesi, stødig framført av Gina Aspenes. I videoen over kan du sjå Gina lesa heile diktet.

I videoen ser du òg heile talen til syriske Firas Abdeen og litt av gitarspelet til syriske Manar Alhashemi.

Utan vatn - utan sko

Ole hadde fått med seg Marius Erster Bergesen (trommer), Pablo Tellez (bass) og Reidar F. Opdal (tangentar) som husband, og stilte sjølv og akkompagnerte og kora med fleire av dei andre artistane.

Etter å ha innleia kvelden med Man O War, om Napoleon, fekk han ein av sine eigne favorittartistar på scenen, Endre Olsen frå Stord. Olsen song ein av sine eigne, på norsk, og ein coverlåt saman med Ole.

Så kom Myrna Braza, Haavard Skaatun, Gina Aspenes med Annelise Ringsby, Eirik Søfteland og Fonos.

– Eg ser at det ikkje er vatn på scenen, så då tar eg ei låt til, sa Skaatun etter første låt. Han følgte opp Biber-spøken med å spela låta «Dramaqueen».

– Kva er det de ler av, sa Eirik Søfteland, mens han justerte ned høgda på mikrofonstativet. – Er det fordi eg ikkje har sko på meg?

Det blei ei munter og hjartevarm stemning gjennom heile konserten. I ruta over kan du sjå eit samandrag på drygt 12 minutt. I mellomtida held auksjonen på Låstad-maleriet fram.