Næringsliv | 06. juni 2018

Tall Ships kan koma til Os

I juli 2019 kjem over 70 gamle seglskuter til Bergen igjen. Dagane i forvegen kan Os bli ei av hamnene skutene skal besøka.

Tall Ships kan koma til Os
Nokre av dei 70 seglskutene som skal til Bergen (bildet) i juli neste år, kan i forvegen få fleire døgn i Os. (Foto: Eivind Senneset)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 06. juni 2018 12:20

Etter fleire år på rad med bryggedans og besøk av Statsraad Lehmkuhl, blir det no ein sommar utan tilsvarande førehandsannonsert seglskutebesøk.

Neste år kan vi få igjen med renter.

Frå søndag 21. til onsdag 24. juli 2019 er Bergen vertsskap for den internasjonale seglasen Tall Ships Races. Bergen er vertsskap for femte gong og vil, som i 2014, legga til rette for at dei over 70 seglskutene skal besøka fleire hamner i Hordaland før dei kjem til Bergen.

– Seglasen i 2019 startar i Aalborg i Danmark og går som regatta til Fredrikstad. Frå Fredrikstad til Bergen er det eit «Cruise in Company», her handlar det for mannskapen å om å bli betre kjent og å nyta turen, fortel prosjektleiar Morten Dahl Sebjørnsen frå CoEvent AS.

I 2014 var det tre hamner i Hordaland før ankomst Bergen, no vil arrangørane utvida til 4-6 mindre hamner.

Kan få både passasjerar og mannskap frå Os

Næringssjef i Os kommune, Daniel Skotheim, orienterte om Os hamn i næringslivets kvarter i formannskapet i går. Då nemnte han dialogen med Tall Ships-arrangørane i Bergen.

Dei vendte seg til Os for å høyra om kommunen ville vera vertsskap dagane før ankomst i Bergen.

– Vi har førebels ikkje signert, men vi har vore i møte og vi har gjeve tydelege signal om at vi er interesserte. Med slike gjestar kan det bli liv i hamna, sa Skotheim.

Internasjonalt møte mellom ungdom

Tall Ships Races blei arrangert for første gong i 1956, og har ein internasjonal ungdomsprofil der minst halve mannskapen skal vera i alderen 15 til 25 år.

– Kanskje kan vi i kommunen vera med å legga til rette for at ungdom frå Os kan delta, eller vera med på kortare seglas, sa ordførar Marie Lunde Bruarøy (H).

Arrangørane i Bergen er spente på om dei får Os med på dette.

– Sidan båtane ikkje skal inn til Bergen før søndag, så kan dei få tre-fire døgn med seglskuter i hamn, frå onsdag eller torsdag til laurdag. Nokre vertar lager arrangement på land mens dei har besøk, nokre seglskuter arrangerer seglas frå hamna dei besøker og inn igjen - eller vidare til Bergen, seier Sebjørnsen.

• Ekstern lenkje: VisitBergen.com om Tall Ships Races

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.