Tyske «Grossherzogin Elizabeth» og«Cicne Branco» frå Brasil til kai i Vågen i Bergen søndag kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tall Ships til kai i Bergen

Tett program for store og små mens 58 skuter frå 17 nasjonar ruvar i Vågen.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Bergen eri år vertsskap for The Tall Ships Races for femte gong. I fjor var arrangøren i Bergen i dialog med Os kommune, om å bli vertsskap før innsegling til Bergen, men det blei likevel ingen avtale.

Bryggen og Vågen blei stengt av før seglskutene i går kom til kai. 

The Tall Ships Races blir arrangert av Sail Training International. og minst 50 prosent av mannskapen på kvar båt er ungdom og unge vaksne mellom 15 og 25 år. Hovudmålet med Tall Ships Races er nemleg at ungdom på tvers av nasjonalitet og religion skal møtast for venskapleg seglas.

Race 1 gjekk frå Aalborg til Fredrikstad. Etter seglas til Bergen, der skutene no ligg til onsdag, går race 2 frå Bergen tilbake til Aalborg.

Lengst og eldst

Det er 58 av verdas vakraste skip som deltar. 17 land og 5 verdsdelar er representerte, blant desse er; Austerrike, Shabab Oman II frå Oman, Cuauhtemoc frå Mexico og Atyla frå Vanuatu (vest for Fiji). Polen deltar med flest, og har 10 avdei 58 skutene.

Skutene er delt opp i 4 klasser: A, B, C og D etter storleik, rigg og segl. Dei lengste skutene er «MIR» frå Russland og «Dar Mlodziezy» frå Polen. Begge har ei lengde på 94,80 meter.

Den eldste skuta er norske Loyal fra 1877.

Statsraad Lehmkuhl er på plass på heimebane ved skur 13.

• Sjå dronevideo og bildeserie frå sist statsraaden var til kai i Os hamn (2017)

• Sjå liste med bilde av og fakta om alle skipene på tallshipsbergen.no

Rikt kulturtilbod på land 

Mens skutene ligg til kai i Bergen, fire av dei med restaurant for gjestar, er det både tivoli, sjørøverland og tett med konsertar på ulike scenar på land.

I går var blant anna Ausekarane, Halie og Kakkmaddafakka på programmet, i dag er det Storm Weather Shanty Choir, Boy Pablo og Sjøforsvarets Shanty kor Navy Vocalis sin tur.

Tysdag er Koengen klar for Jez_ebel, Myra og Kjartan Lauritzen.

Når Tall Ships seglar ut frå Bergen onsdag, byr Bjørnafjorden si eiga dronning, MS Midthordland, på cruise for tilskodarar. Midthordland er på fjorden i fire timar under utseglinga, som startar klokka 11.

Onsdag etter lunsj kan du nok, om du vil på fjorden med eigen båt, sjå skutene i Korsfjorden og ytst i Bjørnafjorden på veg sør mot Danmark.

Fleire saker