Lokal | 22. mars 2011

Tålte ikkje bølgjene

Bølgjebrytaren som skulle forlenga moloen tålte ikkje bølgjene som kom i mars..

Tålte ikkje bølgjene
Andris Hamretirsdag 22. mars 2011 13:33

Helga 19.-21. februar kom den 120 meter lange bølgjebrytaren på plass som ei forlenging av moloen framfor Oseana og Os sjøfront.

Tor Inge Døsen i Os sjøfront håpa då på uvêr slik at ein kunne sjå kor mykje bølgjer dei store betongflaka faktisk braut. Og uvêr fekk han. Ikkje den store stormen, det helt med ein liten ein for å visa at ikkje alt var som det skulle.

- Det viste seg at dei oppførte seg for mykje som korkar og for lite som demparar, fortel Døsen.

Hardføre Bjørnefjorden

Eit av elementa rauk i festetmåtte tauast i le av moloen.

- Vi visste at Bjørnefjorden kan vera hardfør, så slik sett så er det eit eksperiment vi held på med, Fortel Døsen.

- Om det var noko med fortøyingane som var feil, eller om taua som held dei på plass var for elastiske skal ikkje eg spekulera i.

- No ventar eg på eit notat frå fagfolka som har sett på skadane og kva som må gjerast, seier Døsen.

Leverandøren si utfordring

Døsen presiserer at det aldri var fare på ferde når stormen sto på, men at bølgjebrytarane ikkje hadde den effekten dei ønskja.

- Vi har ein god dialog med leverandøren, Nor Marine Bryggen AS i Nordfjordeid.

- Dei tar ansvaret, og kostnadane, med å utbetra skadane og finna ei betre løysing, seier Døsen.

Reknar med å reparera på staden

Han reknar med at utbetringane vil bli gjort på staden i løpet av eit par veker.

- Førebels ser det ut som det skal gå og at dei slepp å slepa elementa til ein fabrikk for utbetring, avsluttar Tor Inge Døsen i Os sjøfront.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.