Tidlegare Lysekloster-spelar Mats Walberg hindra Simen Næss å lausna skot før pause. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tapte for Fana

Lysekloster klarte ikkje å skåra på dagens gjestar.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Lysekloster slo Fana både to gongar i serien i fjor (0-1 og 5-0) og i treningskamp i starten på april (4-2).

I dag var det nytt lokaloppgjer mellom laga på kvar si side av Fanafjellet, og no var det Fana sin tur.

Lysekloster - Fana 0-2 (0-1)
Målskårarar: Anders Moe Lund og Sander Pettersen
Tropp og kampfakta på fotball.no

Gjestane gjekk opp i leiinga i 34. minutt i ein ganske sjansefattig førsteomgang. Etter pause sto Lysekloster gradvis høgare på banen, men Fana såg farleg ut på overgangar, og auka leiinga i 63. minutt.

– Vi har ballen mykje, men vi skaper ikkje nok sjansar til å venta meir enn eitt mål. I staden blei det ingen, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik.

– Samtidig ser eg ein del positivt som vi skal bygga vidare på.

Blei utvist - igjen

Lysekloster-trenaren blei, som i førre seriekamp på heimebane, utvist.

Han seier etter kamp at han føler seg urettvist behandla. Les meir om saka.

Nøgd Fana-trenar

Fana-trenar Ørjan Håland er nøgd med eige mannskap etter siger over ein av favorittane.

– Vi har hatt fokus på oss sjølv og vårt eige spel. Vi har hatt ein god start på sesongen, og vi har skapt enormt med sjansar, og det har ikkje vore tilfeldig at vi har skapt desse sjansane.

– Det var godt å skåra to mål i dag, sjølv om vi òg var to gongar åleine med keeper utan å skåra. Men det gler meg ekstra at vi speler i 90 minutt utan at dei skaper ein einaste sjanse.

Lysekloster speler neste kamp borte mot Fjøra.

Fleire saker