Sport | 27. mars 2018

Tapte, men held seg

Osherrane tapte siste seriekamp mot Stord 2, men eit trekt lag i 2. divisjon berger Os sin plass i 3. divisjon.

Tapte, men held seg
Osherrane enda nest sist på direkte nedrykksplass, men kan likevel ha berga plassen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 27. mars 2018 08:56

Laurdag møtte Os Stord 2 i siste serierunde som blei spelt i Sotra Arena.

– Det blei ein begredeleg affære kor vi var svake frå start til slutt, oppsummerer Ostrenar Alexander Heggø.

Os - Stord 2 23-30 (9-17)
Utv: Os 1x2 min, Stord 6x2 min + 1 raudt kort
Os sitt lag: Einar Godø, Trygve Lerch Dahl 6, Isak Røen 10, Mats Brunvatne 1, Erik Vågen 3, Kristian Bruarøy 1, Carsper Maltun 1, Even Hilland Lærum 1.

– Vi har vore veldig få på trening den siste tida, noko som har gjort at vi ikkje har fått trent så håndball-spesifikt som vi burde. Mellomanna har vi ikkje kunne spelt på treningane.

– Når fleire av spelarane i tillegg speler med 50 prosent innsats, så held ikkje det. Stord er eit lag vi skulle tatt, men i denne kampen rundspelte dei oss fullstendig.

Berga plassen likevel

Heggø visste før kampen at om Os tapte med færre mål enn dei slo Stord med då dei to laga møttest i januar, så ville Os komma over Stord på tabellen.

– Vi visste at vi hadde ti mål og gå på, og vi taper denne kampen med sju, så då enda vi over Stord på innbyrdes målforskjell.

Det var viktig for i herrene sin 2. divisjon så har Bergen Vest trekt laget sitt og Stryn unngjekk nedrykk med best innbyrdes oppgjer mot Falk Horten 2, noko som gjer at ingen lag frå Region Vest rykker ned frå 2. divisjon, samstundes som Viking TIF 2 rykker opp frå 3. divisjon.

Dermed blir det ein ledig plass i 3. divisjon, som går, slik Midtsiden har forstått regelverket, til laget som hamna nest sist, nemleg Os.

– Det er slik eg har forstått det òg, og som fleire andre også kommenterte ute på Sotra i helga, seier Heggø.

Midtsiden har fått stadfesta frå regionen om at denne forståinga er rett.

Blir tøft

Heggø er glad for å halde seg i divisjonen, men innrømmer at det blir ei tøff oppgåve.

– Som trenar så prøver eg alltid å leie laget høgst mogleg på tabellen og ta dei konsekvensane det gir.

– At det no ser ut som vi blir verande i 3. divisjon er kjekt, men det blir ein formidable jobb neste sesong. Det er mange av spelarene som er i tenkeboksen og det er eindel som er usikre med tanke på skule og jobb.

– Veit du kor mange?

– Nei, eg har ikkje oversikten heilt enno. Vi skal ha eit møte etter påske for å sjå på det. Vi har vist denne sesongen at når vi har vore fulltallige på trening og kamp, så har vi kunne kjempe mot dei fleste, men når vi har vore få så har vi blitt for svake, erkjenner Os-trenaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.