Sport | 27. nov. 2009

Tapte på straffe

Os klarte seg bra i bortekamp mot Tertnes 2, men med tynn stall og straffe i siste sekund reiste dei heim utan poeng.

Tapte på straffe
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. nov. 2009 09:51

Handballdamene til Os reiste til Tertnes med to keeparar og berre åtte utespelarar. Maria Stangeland og Mona Stigen måtte stå over grunna sjukdom, dessutan måtte Hilde Kristine Røttingen stå over dei siste 13 minuttane grunna skade.

- Det var nokre spelarar som fekk lite kviletid, og andre som måtte spela på nye posisjonar, men jentene klarte seg svært bra, meiner trenar Kenneth Husebø.

Tapte i siste sekund
Første omgang var jamn og enda 12-11. I andre omgang overtok Os føringa og leiinga, og leia blant anna 14-17 og 20-21. Kampen enda med tap 23-22.

- På 22-22 blei det blåst straffe i det kampen var over. Dette var ei avgjerd både eg og fleire på tribunen reagerte på, og straffen gjekk inn og blei avgjerande, seier Husebø.

Kapteinen stilte siktet
Kaptein Madeleine Hjertnes har terpa på avstand til forsvar og teknikk på langskot den siste tida, det fekk ho løn for i går.

- Saman med Vibeke, som gjorde nok ein god kamp, var Madeleine veldig sterk i går, og skåra halvparten av måla våre.

Målskårarar mot Tertnes 2: Madeleine Hjertnes 11 (2 av dei på straffe), Malin Hjelle Berentsen 2, Tonje Hjertnes 2, Elise Hjelle 2, Trine Balland 2, Astrid Nybø 1, Ingvill Hefte 1 og Hilde Kristine Røttingen 1.

Os spelar begge dei to neste kampane på heimebane, ført mot Bergen HK tysdag 8. desember (kl 19.15), så mot serieleiar Sotra laurdag 19. desember (kl 16.30).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.