Sport | 11. des. 2012

Tapte for rutinen

Dårleg start på begge omgangane gav handballherrene sitt andre tap for sesongen då dei møtte veteranane i Norrøna.

Tapte for rutinen
Bursdagsbarnet Joakim Blostrupmoen sto saman med Isak Røen og Torbjørn Hjelle for 19 av dei 26 måla til Os (foto: Solveig Sønnøve Hamre)
Andris Hamretysdag 11. des. 2012 22:13

Etter ein knallstart på sesongen har det blitt to tap på dei tre siste kampane for Os. Tysdag var det veteranane på Norrøna, med ein snittalder på godt over 40 år, som sto på motsett banehalvdel.

- Vi visste det kom til å bli ein vanskeleg kamp. Norrøna er ein rutinert gjeng karar som ein ikkje skal gjera mykje feil mot, seier trenar Leif Idar Røen

Frå 1-5 til 7-5

Kampen starta på verst mogleg måte for Os. Norrøna drog ifrå, skota til Os sat ikkje som dei skulle og enda i for stor grad utanfor stengene.

- Vi hamna bakpå 1-5 før vi kom i gang.

- Så speler vi ein god periode der vi klarer å ha trøkk i ballen og tempo på beina, forklarer Røen om perioden då Os snur stillinga frå å ligga under 1-5 til å leia 7-5.

Resten av omgangen blir jamnare. Men ringrevane frå Norrøna lét seg ikkje stressa av løpsglade osingar og går til pause med leiing 16-14.

Under 1-5 igjen

Andreomgangen startar som den første. Norrøna rykker ifrå og skårer fem medan Os berre skårar eitt.

- Igjen set vi ikkje forsvaret som vi skal og står og skuldar på kvarandre i staden for å ta tak.

- Dette kjem seg etterkvart og vi speler eit godkjent forsvar i store delar av dei siste 20 minutta. Men vi er ikkje nøyaktige nok framover på banen og klarer ikkje å ta igjen forspranget Norrøna har opparbeidd seg.

Kampen endar med tremålstap for Os, som framleis ligg på 2. plass på tabellen etter halvspelt serie.

SJÅ TABELL

Norrøna - Os 29-26 (16-14)
Utvisningar: Norrøna 1x2 min, Os 2x2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Andreas G. Sennesvik, Espen Risti 4, Isak Røen 7, Øystein Skarding, Steinar Gaasdal, Trygve Dahl, Joakim Blostrupmoen 6, Egil Thuen, Jørgen Wold 1, Ove Lyssand 1, Daniel Røen, Torbjørn Hjelle 6, Joachim Nøkleby 1

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.