Sport | 02. mars 2015

Tapte for studentane

Handballherrene til Os gjekk på eit stortap mot studentane frå BI.

Tapte for studentane
Isak Røen blei toppskårar for Os med 8 mål (arkivfoto: AH)
Andris Hamremandag 02. mars 2015 08:23

Sundag spelte seniorlaga til Os dobbeltkamp i Oshallen. Først rakna det for damelaget, som måtte sjå seg slått 30-36 av Årstad, så gjekk herrelaget på ein enno større smell mot økonomistudentane frå BI.

Os-BI 21-33 (12-15)
Utv: Os 2x2 min, BI 1x2 min
Os sitt lag: Einar Godø, Andreas G. Sennesvik, Trygve Lerch Dahl (1), Jørgen Wold (3), Ove Lyssand (3), Fredrik Andresen (3), Isak Røen (8), Peder Lyssand (1), Håvard Bjørnør, Jørgen Engelsen (1), Daniel Røen.

– Vi varierar alt for mykje i prestasjonane.

– Det er nok eit resultat av treningane den siste tida.

– Dei har vore for dårlege. Eg ta sjølvkritikk på at eg har vore for lite tilstades den siste tida, men slik blei det når eg overtok laget i september og reiseplanane i jobben min allereie var lagt, fortel Os-trenar, og selgjar, Kenneth Husebø.

Feil i båe ender

Etter å ha hengt brukbart med den første omgangen, slukna det heilt for Osherrane utover i den andre.

Framover på banen kom det eine bomskotet etter det andre, bakover hang ikkje forsvaret saman.

– Vi gjer feil over heile linja, så enkel er forklaringa.

– Utan at det skal vera ei unnskyldning, så merkar vi at vi er ein tynn stall med folk ute grunna skade og reise.

– No må vi berre konsentrera oss på å gjera ein god avslutning på sesongen, oppsummerar Husebø.

Os ligg trygt på fjerde plass med god margin både oppover og nedover på tabellen. Neste kamp går borte mot Eid 14. mars, før siste heimekamp er torsdag 19. mars mot Bjørnar 2. Sesongen blir avslutta i Sotra Arena mot Sotra 2, sundag 22. mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.