Fotball | 30. aug. 2010

Tapte for Voss

Preben Borgen sørgja for Os 2-leiing til pause, men serieleiarane blei for sterke på eigen bane.

Tapte for Voss
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. aug. 2010 12:39

Sundag spelte Os sitt andrelag bortekamp mot serieleiar Voss. Med fleire ute med skade og karantene på Ramo Racic var det eit ungt lag som reiste til skibygda for å prøva seg på serieleiarane.

- Vi gav dei nok ein støkk ved å leia 1-2 til pause, men Voss starta best og var også sterkast i 2. omgang, seier trenar Tore Nielsen.

Heimelaget tok leiinga etter 50 sekund. Preben Borgen utlikna på langskot frå 18 meter (25. min) og gav Os leiinga på straffe (41. min) etter at Christer Olsen hadde blitt felt åleine med keeper.

Voss - Os 2: 4-2 (1-2)

- Preben hadde ein veldig god kamp, spesielt førsteomgangen var bra, men dagens Os-spelar var keeper Anders Strønen, som hadde fleire strålande redningar, fortel Nielsen.

Også i 2. omgang kom Olsen seg nær skåring, men etter at han runda både forsvar og keeper var det nokon som pressa han så han ikkje fekk avslutta i mellom stengene.

Os 2 sitt lag frå start (4-5-1): Anders Solberg Strønen, Stian Bakke, Børge Borgen, Kristoffer Sande, Joakim Bjørnevik, Espen Kopperud, Preben Borgen, Martin Eidsvik, Tor Erik Berge, Mats Lepsøe og Christer Olsen.
På benken: Fredrik Sælen, Johannes Jordal og Simen Lassen.

Neste Os 2-kamp går mot Øystese på Kuventræ måndag om ei veke (kl 18.50). Øystese ligg seks poeng framfor Os 2 på 3. plass på tabellen.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.