Tar 30 tilsette med til Oslo
Kurt Nilsen står for oppvarminga når Rema 1000 skal feira at dei, eitt år før «budsjett», har passert Coop i marknadsandel.
«Det enkle er ofte det beste» er slagordet, men til helga er det mangfaldet i Rema 1000 som skal feirast på festen 1000 Colours of Rema,
Rema 1000 har lenge vore den største enkeltståande kjeda i Noreg, men feirar blant anna at dei har passert Coop i marknadsandel og at dei no, trass i at dei berre har eitt konsept, er den nest største daglegvaregruppa i landet.
– Vi skal feira det mangfaldet som har gjort Rema 1000 til Noregs største enkeltståande daglegvarekjede, dei tusenvis av tilsette som kvar dag jobbar hardt for at kundane skal velja å handla her, seier administrerande direktør i REMA 1000, Ole Robert Reitan.
– Eg er stolt over kor engasjerte og lojale våre tilsette er, seier kjøpmann Trond Hope.
Han tar med seg alle dei rundt 30 tilsette ved dei to butikkane i Os til den store festen i Holmenkollen og på Telenor Arena til helga.
Størst i Os?
Festen blei til då Reitan på ei samlng med kjeden i 2012 lovde at det skulle feirast når Rema passerte Coop.
– Det blei lagt opp til eit løp der vi ville bli størst i 2014, men vi klarte det allereie i fjor, seier Hope.
– Er Rema størst også i Os?
– I Os har Rema størst marknadsandel av alle grupperingane.
– Rema Kuven stasjon er størst av våre butikkar i Os og ligg nok og knivar med Meny om å vera den enkeltbutikken med høgast omsetnad i bygda.
God vekst i 2014
At nye butikkar har dukka opp har hatt ei viss innverknad.
– Då Kiwi Moberg kom, og seinare Coop Extra, fekk vi rundt tre månadar der veksten vår stoppa. Men no er det full fart oppover og vi ligg på Kuven stasjon an til ein vekst på 7 prosent i år. Også den andre butikken ligg godt framfor fjoråret.
På fest med 8.500
Med pinsehelg og fri måndag er det lagt opp til fullt oppmøte med fest søndag, når butikkane er stengte.
– Det er ingen andre selskap eg kjenner til som feirar alle sine tilsette på denne måten. Her blir det både festival på dagtid, og feiring med trerettars middag på kvelden. Dette er noko av det største som er gjort i norsk samanheng, seier Jan Fredrik Karlsen i Playroom – eventbyrået som organiserar arrangementet.
Det blir litt av ein logistikk når 8.500 tilsette frå Rema-butikkar i heile Noreg skal bu, reisa og festa i Oslo.
Det er blant anna bestilt 269 bussar, det kjem 100 semitrailarar med utstyr til Telenor Arena og det er over 200 mann i jobb med den tekniske produksjonen.
Festen startar i Holmenkollen, der blant andre Kurs Nilsen skal underhalda og Stian Blipp skal vera konferansier. På kvelden er det middag og underhaldning i Telenor Arena.
– Eg har vore på fest med kjeden før, for ti år sidan, og det var veldig gøy. Denne festen blir nok endå kjekkare, vi gler oss veldig, seier ein av dei tilsette ved Kuven stasjon, Abby Helene Hope.