Kultur | 09. apr. 2011

Tar bryllaupsfesten i Oseana

Første par ut?: Tine Leivestad Tvedten og Vegard Borgen giftar seg til sommaren. Festen blir i flunkande nytt Oseana.

Tar bryllaupsfesten i Oseana
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 09. apr. 2011 06:25

I dag er det 20 dagar til Oseana skal stå ferdig, 69 dagar til opninga og 15 veker til Tine Leivestad Tvedten og Vegard Borgen skal ha 90 gjestar til bryllaupsfest i det nye kunst- og kultursenteret på Mobergsneset.

– Vi tenkte at Oseana kunne vera ein fin stad å feira brullaup, ringte direktøren og fekk ja med ein gong, fortel Vegard.

Han har vore sambuar med Tine i fire år. Også i fjor fekk han «ja», då han ein stjerneklar sommarkveld fridde til Tine heime på terrassen i Varåsen.

Bryllaupet blir minst like eksotisk som frieriet.

Seier ja på Kaua‘i

Viss du trudde at Tine og Vegard skal gifta seg i Os kyrkje og ro i Oselvar til Mobergsneset tar du feil.

– Vi giftar oss på Hawaii. Vi skal på ferie til øya Kaua‘i i sommar, men tar festen heime.

Dei to reiser til Hawaii saman med rundt 20 andre. Avreisa frå Os er 23. juni, sjølve bryllaupet skal haldast 15. juli.

Turen held fram nokre dagar til og så kjem dei heim for å ta imot gjestane til bryllaupsfesten i Oseana 23. juli.

Rett KF?

Vegard jobbar deltid på Osbadet, eit anna kommunalt foretak i Os, der faren hans, Leif Gunnar Borgen er dagleg leiar.

– Hadde det ikkje vore passande å koma rett frå Hawaii til fest i badebukse og bikini i Osbadet, i staden for Oseana?

– Osbadet blir for meg som å vera på jobb, vi satsar på Oseana og håper byggearbeidet får ein fin innspurt, seier Vegad.

- Omvisinga torsdag var vellykka, det ser flott ut i foajeen, der vi skal ha festen.

Vegard sin forlovar er Rolv Lyssand Bjørø, Tine sin heiter Marie Strømme.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.