Kaptein Kjetil Lund Eide med tatoveringen innfelt, her med laget 1-2 frå cupen i 2011. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Tar cupen på alvor

Her er kampoppsettet for onsdag: Kjetil Lund Eide har spelt gatecup i rundt 12 år på rad. – Vi var best som «Terje United», seier Kjetil, som likevel har tatovert det nye lagnamnet på leggen.

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I morgon startar årets gatecup for vaksne på Kuventræ. 31 lag med til saman over 300 spelarar skal kjempa om ære og mot sjukmeldingar, først i innleiande rundar, så med sluttspel laurdag.

Under følgjer kampoppsett for onsdag.

Følg MidtsidenCup på facebook!

Endra lagnamn og tok tatovering

Terje Søviknes var nyleg gjenvalt som ordførar for første gong då Kjetil Lund Eide ville spela med Søviknes på ryggen.

– Han sponsa oss med eit sett gensarar som vi brukte nokre år. Så fekk vi Os Inspirerer-drakter, fortel gatecup-veteranen.

Seinare gjekk kameratgjengen over til namnet 1-2, frå vorspiel-regla «1-2 Osablod, 2-3 Øyane, 4-5 Halhjem». Det blei òg ei osablod-tatovering.

– Vi var i Danmark og såg ein landskamp. I løpet av turen tapte eg eit veddemål, forklarer Kjetil.

Han er ikkje den einaste Kjetil'n i bygda som har stempla seg som osing.

– Vi var best då ordføraren sponsa oss

– Vi har gjort det greit som 1-2, med knepent tap for vinnarane Beast from East 2-3 i kvartfinalen. Beast skåra to på tampen og vi rauk ut.

– Men vi var best som Terje United, då tok vi oss til semifinale.

I år har 1-2 ingen aktive og satsar på å gjera reint bord i amatørklassen.

KAMPOPPSETT - ONSDAG

• Bane 1 og 2 er på K1, øvre kunstgrasbane (bane 1 nærmast kiosk)
• Bane 3 og 4 er på K2, nedre bane (bane 3 nærmast øvre bane).
• Kampane i oppsettet står i rekkefølge etter bane, 1, 2 osb.

18.30 FC Ballebrokk - FC OSS
18.30 FC Bandana - FC Show
18.30 100 % - 1-2
18.30 Jada Kam Superstar - The Grim Reapers

19.00 Galacticos - Hurricane FK
19.00
19.00
19.00

19.30 The Grim Reapers - 100 %
19.30 1-2 - Jada Kam Superstar
19.30 Os United - FC Show
19.30 FC OSS - NDM

20.00 Hurricane FK - Spellagå
20.00
20.00
20.00

20.30 NDM - FC Ballebrokk
20.30 FC Bandana - Os United
20.30 1-2 - The Grim Reapers
20.30 Jada Kam Superstar - 100 %

21.00 Spellagå - Galacticos
21.00 
21.00
21.00

• Feil i oppsettet? Ring/sms 907 89 270
• Kven speler på kva lag? Her er lista over alle spelarane

Kven går vidare sluttspel?

Av 31 lag i 4 klassar går 30 lag vidare til lørdag. Laget som kommer på 5. plass i herrar amatør pulje 3, den einaste pulja med fem lag, går ikkje vidare.

Herrar elite, mix amatør og mix elite: Puljevinnar går rett i semifinalen, 2. plass går til 1/4-finale mot 3. plass i nabopulja.

Herrar amatør: 1. og 2. plass i 3 puljer går til 1/4-finale, 3. og 4. plass i 3 puljer møter kvarandre - der det ikkje er nok å vinna, men der dei to mest suverene vinnarane speler mot kvarandre i den siste av dei fire kvartfinalane.

 

Fleire saker