Kultur | 27. sep. 2019

Tar fredagspilsen til nytt nivå

I juni var det hagefest på Hauge, i kveld blir det brygg frå Fitjar og matrettar frå Sør-Afrika i Oselvarnaustet.

Marthe Kristensen og Christoffer Kobbeltvedt opnar i ettermiddag dørene for etter-jobb-øl i Oselvarnaustet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. sep. 2019 08:03

Eventfirmaet Fjordfolk, som blei etablert i Os tidlegare i år, har både hatt oppdrag for andre og laga sine eigne festar.

Då sentrumsforeininga var utan leiar, gjennomførte dei både Vårsleppet og Osdagane. Champions League-finalen fekk dei sendt på kinolerret i Oseana.

Men det er ikkje berre dei store festane Fjordfolk har sikta seg inn på, noko så enkelt som å ta seg ei øl saman etter jobb kan setjast i system.

– Vårt inntrykk, etter fine tilbakemeldingar på både våre og andre sine samlingar, er at mange saknar ein arena å treffast. Det er lett å ta seg ein tur på pub med nokre kollegaer, men det ser ikkje ut til å skje så ofte. Sjansen for å treffa folk frå andre firma er nok òg liten, om du går rett frå jobb og og på eit par øl, seier Marthe og Christoffer.

I juni var det rundt 50 deltakarar på «afterwork» med Fjordfolk på Bjørnafjorden Hotell. Onsdag var det allereie rundt 30 påmeldte til dagens afterwork.

Duften av verkstad, grill og mikrobryggeri

Afterwork er hakket mindre intenst enn afterski, men begge startar, som namnet tilseier, rett etter jobb.

Men når Fjordfolk klokka 16 i dag opnar dørene i Oselvarnaustet, er det ikkje utan førebuing og plan.

Denne gong er det Yolandi Carr frå Gourmet Grill som står for maten, ein meny prega av hennar sørafrikanske opphav, beståande av ting du neppe har høyrd namnet på før (potije putu pap og shakalaka sauce). I baren blir det servert øl frå ELØ på Fitjar, naturvin importert av Evas Mat og sider frå Syse Gard i Ulvik.

– Vi stiller ut bilde av illustratør Oda Valle, som òg har fått oppdrag av oss som skal avdukast under afterworken. Sentrale bygningar i og rundt Os sentrum er tema.

– Det er noko usikkert om DJ Brut kunne stilla, men kjem ho ikkje så snur eg capsen bak-fram og snurrar plater sjølv, seier Christoffer.

Trappar opp til storkonferanse

Fjordfolk seier dei ikkje har nokon anna agenda med afterwork enn å prøva å skapa ein uformell møtestad.

– Bjørnafjorden Næringsråd har eit godt fagleg program gjennom året, dette er eit supplement. Samtidig meiner vi det kan vera god næringsutvikling i at folk møtast.

– Det kan òg vera kjekt med gode møte fram mot den store Bjørnafjordkonferansen, legg han til.

Tysdag 5. november kjem blant andre Arne Hjeltnes, Kari Traa og Ingebrigt Steen Jensen til Oseana for å halda foredrag knytt til temaet for konferansen, «saman om vekst».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.