Tar generalprøven i Os
Før Os og Kuventræ skulekorps og Strusshamn skoles Musikklag reiser til NM for janitsjarkorps inviterer dei til sommarkonsert i Oseana
![Tar generalprøven i Os](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/d4a1984edc3e34649fa224b218ef1cdd777eff35-1140x760.jpg?q=85&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
Søndag 17. juni har Os Musikkforening invitert med seg korpsvener til sommarkonsert i Oseana.
NM neste
Os og Kuventræ Skulekorps og Strusshamn Skoles Musikklag skal begge reisa til Larvik for å spele NM for janitsjarkorps den 23. juni og generalprøva tar dei i Oseanasalen.
– I tillegg vil også Strusshamn Musikkforening ta turen til Os for å spele konsert saman med oss!
Strusshamn Skoles Musikklag blir leia av Jann Werner Webermann, som har vore deira dirigent i 12 år. Korpset vart stifta i 1950 og var det første barnekorpset på Askøy.
100 år i år
Strusshamn Musikkforening har no 90 medlemmer fordelt på hovudkorps, juniorkorps, to aspirantkorps og drill!
I dei seinare år har korpset arbeidd mykje med ensemble og solistspeling. Korpset deltek i 1. divisjon og no gler dei seg til NM-turen.
Strusshamn Musikkforening vart stifta i 1912 og feirar altså 100 – årsjubileum i år!
Korpset tel i dag ca. 50 aktive medlemer frå 15 til 75 år, og dei yngste kjem hovudsakleg frå Strusshamn Skoles Musikklag og frå andre lokale skulekorps på Askøy.
Musikalsk leiar er Reid Gilje.
Stas med besøk
Os og Kuventræ skulekorps har ca. 60 medlemer no. Dei fordeler seg i hovudkorps, juniorkorps og aspirantkorps.
På søndag vil alle tre korpsa verta å høyra. Det er medlemmane i juniorkorpset og hovudkorpset som no skal reisa til NM der hovudkorpset deltek i 3. divisjon.
Hovudkorpset vert leia av Haldis Bårdsen.
– Vi i Musikkforeningen synest det er stas å få besøk både av eitt av våre lokale skulekorps og av gjestene frå Askøy, og vi gler oss stort til å høyra konkurranse-stykka til dei to skulekorpsa.
I tillegg vil både Strusshamn og vi sjølve bidra med eit lettfatteleg, publikumsvennleg program.
Noko for ein kvar smak
Konserten vil innehalde solistinnslag, du vil få høyra folketonar, sirkusmusikk, Abba, marsjar, Hoa Hottentott, den siste Mohikaner og vi skal til New York’s natteliv.
Kort sagt: Her er det noko for ein kvar smak!
Velkommen til konsert i Oseanasalen!
Os Musikkforening